Tett på realfag

– er regjeringas strategi for auka kompetanse i realfag.

Regjeringas overordna mål for realfaga i dei neste fem åra inneber at barn og unges kompetanse i realfag skal forbetrast gjennom fornying av faga og betre læring. I dette ligg det at kompetansen i realfag blant barnehagelærarar og lærarar skal bli betre. Strategien vektlegg særleg at fleire elevar skal prestere på høgt og avansert nivå i realfag og færre elevar på lågt nivå.

Strategien skal mobilisere, bevisstgjere og forplikte dei som er tettast på barn og unge, og som har dei beste moglegheitene til å bidra til at barn og unge lærer og utforskar realfag med motivasjon og glede. Målgruppene er derfor lærarar, leiarar, andre tilsette og eigarar i barnehagar og skolar.