Vil du søkje om vidare­utdanning?

Dette må du vite før du søkjer:

I 2015 kan du som er lærar søkje på meir enn 170 vidareutdanningstilbod på over 26 høgskolar og universitet. Tilboda gjeld alle lærarar i offentlege og private skolar i heile grunnopplæringa. Alt dette og oversikt over tilbod gjennom Kompetanse for kvalitet kan du lese om her i studiekatalogen.


Kva er nytt i år?
  • I 2015 blir søknader i matematikk, engelsk, norsk, samisk og norsk teiknspråk frå grunnskolelærarar prioriterte.
  • Det er utvikla over 50 nye studietilbod i engelsk, norsk, matematikk og naturfag.
  • I år kan du velje mellom nettbaserte studietilbod med nokre samlingar, reine fjernundervisningstilbod eller MOOC (Massive Open Online Course). Frå hausten 2015 er det til dømes mogleg å delta på Matematikk MOOC.
Kva for tilbod kan eg søkje på?

Du kan søkje på tilboda i denne studiekatalogen eller på andre vidareutdanningstilbod som universitet og høgskolar tilbyr. Tilboda må gi studiepoeng på universitets- eller høgskolenivå.

Dei fIeste av tilboda i studiekatalogen er på 30 studiepoeng, og dei er delte inn i 2 modular på 15 studiepoeng kvar. Du kan òg velje å søkje på berre ein av modulane. Dei fleste tilboda er nettbaserte, med 2-3 samlingar per semester.

Dersom du ikkje finn eit tilbod du ønskjer å søkje på her i studiekatalogen, kan du søkje på andre tilbod som universitet og høgskolar tilbyr som ein del av deira ordinære vidareutdanningstilbod – og få dei same vikåra. Informasjon om tilboda finn du på nettsidene til universiteta og høgskolane. Merk at om du ønskjer å søkje på andre tilbod enn dei du finn i studiekatalogen, må du både søkje om finansiering til å gjennomføre vidareutdanninga på Utdanningsdirektoratets nettsider, og om opptak til studiet direkte til institusjonen du ønskjer å studere ved.

Finansiering av vidareutdanninga
Når du fyller ut søknaden om å delta på vidareutdanning, kan du velje mellom stipendordning eller vikarordning.
Stipendordning:

Søkjer du om stipendordning, kan du få 100 000 kroner i stipend for å ta 30 studiepoeng. Kor stort stipend du kan søkje om, avheng av kor mange studiepoeng du tek, men 30 studiepoeng er maksimum.

Du kan bruke delar av stipendet som kompensasjon for lågare inntekt dersom du ønskjer å ta permisjon for å studere, eller stipendet kan være ekstra inntekt i tillegg til full jobb. Omfang, når og korleis ein ev. permisjon skal takast ut, må avtalast med skoleeigaren din.

Studiestipend er i utgangspunktet skattepliktig. Les meir om dette på våre nettsider udir.no/videreutdanning

Vikarordning:

Gjennom vikarordninga skal du få tid til å studere utan at du går ned i lønn. Kor mykje du blir frigjord frå dine ordinære arbeidsoppgåver, kjem an på kor mange studiepoeng du tek.

Eksempelvis skal du ved studium som gir 30 studiepoeng, totalt frigjerast 37,5 prosent av full stilling. Korleis tida skal fordelast ut over året, må avtalast lokalt. Deltek du på eit tilbod som gir færre studiepoeng, skal du frigjerast mindre.

Oversikt over dette finn du på udir.no/videreutdanning.

Kvar finn eg meir informasjon om tilboda?

Utfyllande informasjon om studietilboda finn du på Utdanningsdirektoratets nettsider udir.no/videreutdanning. Her finn du òg lenkjer til utdanningsinstitusjonane for meir informasjon om kvart enkelt tilbod. Har du spørsmål om tilboda, må du kontakte universiteta eller høgskolane direkte. Utdanningsdirektoratet har utarbeidd ei oversikt over svar på ofte stilte spørsmål som kan gi nyttig informasjon.

Slik søkjer du:


Dette skjer etter at du har sendt inn ein søknad:

Søknadsfristen for lærarar er 15. mars. Etter at fristen har gått ut, men innan 15. april, skal skoleeigaren godkjenne eller avslå søknader og prioritere mellom godkjende søkjarar. Du vil da få ein e-post der det står om skoleeigaren har godkjent eller avslått søknaden din. Godkjende søknader blir deretter sende til Utdanningsdirektoratet og behandla der. Søknader i matematikk, engelsk, norsk, samisk og norsk teiknspråk frå grunnskolelærarar vil bli prioriterte, men det vil òg vere rom for deltaking i andre fag.

I mai vil skoleeigaren få ei tilbakemelding på direktoratets behandling av søknadene, og søkjarane vil få beskjed frå skoleeigaren om utfallet av behandlinga.

Jeg kom inn!

Søkjarar som får tilbod om vidareutdanning frå denne studiekatalogen, blir kontakta av universitetet eller høgskolen, som vil hente inn nødvendig dokumentasjon frå søkjarane og gjennomføre det endelege opptaket. Deltakarane får deretter informasjon frå institusjonane om oppstart.

Gå til søknadsskjemaet

udir.no/videreutdanning