Regionalt samarbeid om vidareutdanning

Når Dianne Færestrand Haugen og Kristin Iversen Vedvik følgjer førelesingane i Måløy, er læraren i Sogndal 20 mil unna.

Geir Anders Rybakken Ørslien

Dei to lærarane bur i Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane, der 12 lærarar tek vidareutdanning i engelsk dette skuleåret.

– Det får vi til når det kan gjerast lokalt og i fellesskap, meiner dei to lærarane.

Tre gonger i semesteret set Dianne og Kristin seg i bilen med gode lærarkollegaer og reiser til nabokommunen Eid for å møte medstudentane sine. Resten skjer på nettet med høgskulelærarar i Sogndal som førelesar rett heim til studentane.

– Vi er 12 lærarar frå Vågsøy som tek denne nettbaserte vidareutdanninga i engelsk. Det er hyggeleg å vere mange i bilen når vi køyrer til dei tre samlingane i semesteret. Men det som har mest å seie, er korleis vi kan diskutere og dele det vi lærer med kollegaer på skulen.

Det er Dianne som snakkar med begeistring om vidareutdanninga ho tek heime i Måløy, kommunesenteret i Vågsøy. Ved sida av sit Kristin, som er lærar på ein annan skule – og Diannes medstudent i engelsk dette året.

– Eg hadde tenkt på dette i nokre år – å heve kompetansen min i engelsk. Men med tre barn heime er ikkje dette enkelt å organisere. Men så kom tilbodet om nettstudium med nokre få dagsamlingar berre tre kvarter unna. Da vart det plutseleg gjennomførbart, fortel Kristin.

Dei nettbaserte førelesingane vert strauma direkte på nettet til faste tider frå Høgskulen i Sogn og Fjordane. Undervegs kan studentane kommunisere direkte med læraren og få svar på spørsmål som dukkar opp. Dei kan òg drøfte oppgåvene seg imellom via nettet, i tillegg til at dei altså møtest til samling tre gonger i semesteret, to dagar kvar gong.

– No får eg masse input. Vi les noveller og barnelitteratur, ser på grammatikk, og alt går på engelsk. Det hender at eg takkar på engelsk når eg handlar i butikken. Så djupt kjem du inn i faget, seier Dianne med eit smil.

Dianne Færestrand Haugen

Adjunkt. Allmennlærar frå Høgskulen i Volda, 1998. Har vore lærar ved Skavøypoll skule sidan. Vidareutdanning innan klasseleiing og no engelsk.

Kristin Iversen Vedvik

Adjunkt. Allmennlærar frå Høgskulen i Volda. Lærar siden 2000 på barne- og ungdomstrinnet, dei siste åtte åra på Raudeberg skule. Vidareutdanning innan klasseleiing og no engelsk.

Kristin og Dianne (t.h) møtest til samling tre gonger i semesteret, to dagar kvar gong.

 
Begge roser dyktige lærarar på høgskulen og eit solid opplegg. Og Kristin ser alltid fram til å dele erfaringane med dei andre.

– Grammatikken kan av og til vere krevjande og vanskeleg, og da tenkjer eg: Tenk om eg hadde sete med dette åleine! Da hadde det vore lettare å hoppe av. Men no er det kjekt. Og det at eg studerer mens eg jobbar, gjer det mykje lettare å kople stoffet til korleis eg skal bruke det i klasserommet.

Og det er ikkje berre Kristin som kan bruke kunnskapen ho får. Ho deler med glede og synest dette er motiverande i seg sjølv.

– Ein ting er at vi som tek studiet saman lokalt, kan støtte og bakke opp kvarandre. Minst like viktig er det at eg kan dele nye innspel, idear og opplegg med kollegaene mine på skulen. Effekten er som ringar i vatn.

Kva merkar elevane dykkar no, nokre månader ut i vidareutdanninga til lærarane?

– Elevane er meir engasjerte når dei ser at eg er meir engasjert. Hos meg er det allereie mindre glosepugging og repetisjonar, seier Dianne. Kristin er einig: Inspirasjon frå studiet gjev meir kreative oppgåver i timane.

Dei to har valt ulike måtar å organisere studiet på reint praktisk. Dianne valde ei vikarordning og jobbar 62,5 prosent, mens Kristin tok stipend og jobbar kvar dag.

– Det er hektisk og krev mykje planlegging å ta heile studiet på fritida. Da er det viktig at vi får opplegget i god tid, slik at det er mogleg å planleggje, understrekar Kristin.

Dianne merkar at det er utfordrande å halde seg nede på den avsette deltidsprosenten, men er glad for å kunne ha kortare dag torsdag og fri på fredagar.

– Eg står opp og gler meg til kvar arbeidsdag. Eg har ein fantastisk givande jobb, og er heldig som kan vidareutdanne meg slik!

Regional dialog om lokale kompetansebehov

Det har vore viktig for oss å lytte til lokale behov for å sjå kva for kompetanse som trengst ute i skulane, slik at vi kan skreddersy tilboda til behova der. No har vi to regionar i fylket der lærarane tek vidareutdanning i engelsk, og ein region der dei tek matematikk. Til saman er om lag 85 lærarar i gang, og vi er allereie i gang med å kartleggje behova for neste skuleår, fortel Osvald Lykkebø.

Som instituttleiar for lærarutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og prodekan på avdeling for lærarutdanning og idrett, er Lykkebø sentral i tilrettelegginga av dei regionale tilboda for vidareutdanning.

Høgskulen har i fleire år arrangert etter- og vidareutdanning både i Sogndal og ute i regionane. Dermed hadde dei erfaringa og nettverket på plass da tilbodet om å køyre regionale tilbod i Kompetanse for kvalitet kom hausten 2015.

– Her i fylket har vi i mange år hatt ein viktig møteplass i Forum for skule- og barnehageutvikling. Der møter utdanningsdirektøren frå Fylkesmannen og representantar for KS og Utdanningsforbundet – i tillegg til skuleleiarane frå dei fire regionane i fylket.

– Kunnskapen vi får frå denne møteplassen, er derfor nøkkelen som sikrar at vi dekkjer dei behova som er størst, understrekar Lykkebø.

I Flora kommune viser òg kommunalsjef Anders Moen til at den nære dialogen er avgjerande. Resultatet ser han i skulekulturen.

– I Sogn og Fjordane har vi ein lang tradisjon for desentraliserte deltidsstudium for lærarar. No ser vi at det har medverka til ein kollegabasert kultur for læring, der det å halde seg fagleg oppdatert er viktig. Det er ingen tvil om at denne satsinga på regionale tilbod òg inspirerer til lokal organisasjonsutvikling og styrkjer arbeidsmiljøet på skulane, seier Moen.

Osvald Lykkebø

Instituttleiar for lærarutdanning ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og prodekan på avdeling for lærarutdanning og idrett. Bakgrunn som lærar, rektor og kommunalsjef i Sogndal kommune.