Nyttige ressursar hos dei nasjonale sentra

10 nasjonale senter har på ulike satsingsområde nøkkelroller for å utvikle kvaliteten på opplæringa i Noreg.

Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO)

NAFO arbeider med kompetanseheving, nettverksbygging og utviklingsprosjekt for å fremje inkludering og for å bidra til at alle kan få likeverdig og tilpassa opplæring i barnehagar, skolar og vaksenopplæringsinstitusjonar.

NAFO utviklar ressursar med fokus på fleirspråkleg miljø i barnehagen og tospråkleg fagopplæring på skolen. Døme på slike ressursar er «fleirspråklege forteljingar» og «tospråklege undervisningsopplegg». Dei ligg på nettsida morsmal.no. NAFO arbeider med kompetanseheving gjennom kurs for tilsette i barnehagar, skolar og PPT. Eit satsingsområde er digitale kurspakker som ligg på NAFOs heimeside.

nafo.hioa.no

Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet

Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet er eit ressurssenter som skal styrkje den rolla barnehagar og skolar har som helsefremjande arenaer gjennom arbeidet med mat, måltid og fysisk aktivitet. Helsestasjontenesta og skolehelsetenesta er òg målgrupper for dette arbeidet. Senteret skal i tillegg bidra til auka kvalitet i faga mat og helse og kroppsøving i grunnskolen og i vidaregåande opplæring.

Dagleg fysisk aktivitet og sunne og trivelege måltid er ein viktig del av barns læringsmiljø i barnehage og skole. Senteret har nyleg lansert ein kunnskapsbank for måltidsarbeidet på skolen i samband med ei ny nasjonal fagleg retningslinje for skolemåltidet. Senteret arbeider òg med å utvikle idébank for dagleg fysisk aktivitet. Begge skal informere, inspirere og gi gode døme på tiltak på skolen.

Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet skal òg i gang med å utvikle ei svømmenettside som skal samle informasjon og ressursar om svømmeopplæringa på skolen. Dette er eit av tiltaka frå Kunnskapsdepartementet for å betre svømmeopplæringa blant dei yngste elevane.

mhfa.no

Framandspråksenteret

Framandspråksenteret arbeider for auka kvalitet i framandspråkopplæringa, for at opplæringa skal få eit praktisk og variert innhald og for å bidra til auka motivasjon og interesse for engelsk og framandspråk.

Framandspråksenteret har utvikla ressursar som gir tips til korleis ein kan jobbe med engelsk og framandspråk i barnehage og skole. Noko av materiellet kan òg nyttast i andre delar av utdanningsløpet, til dømes i lærarutdanninga.

Gjennom FYR-prosjektet har vi utvikla, kvalitetssikra og delt ressursar for engelsk i yrkesfaglege utdanningsprogram på nettsida vår. Dei inkluderer òg lyttetekstar med relevans for yrkesfaga og dekkjer alle utdanningsprogramma

fremmedspraksenteret.no

Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa (KKS)

KKS skal bidra til auka kvalitet i kunst- og kulturfaga i barnehagane og grunn­opplæringa, og bidra til engasjement og auka interesse for opplæringa innan kunst- og kulturfaga.

Senteret har ein ressursbase med mange ressursar for heile opplæringsløpet. Til barnehagen er ressursane tilpassa fagområdet kunst, kultur og kreativitet. Ressursane til skolen dekkjer mange fagområde, mellom anna musikk, kunst og handverk og ulike valfag. I tillegg har desse ressursane eit fokus på grunnleggjande ferdigheiter. Det er òg ressursar til vidaregåande opplæring og kulturskolar.

kunstkultursenteret.no

Lesesenteret

Oppgåva til Lesesenteret er å setje leseopplæring og leselyst på dagsorden, og bidra til å styrkje arbeid med språk, leseopplæring og leseutvikling i skole og barnehage. Hovudmålgruppa er pedagogar i barnehagar, lærarar i grunnskolen og vidaregåande opplæring, tilsette i PP-tenesta, skoleleiarar, skoleeigarar og tilsette i lærarutdanningane.

Språkløyper 2016 – 2019

Språkløyper er regjeringas nye strategi for språk, lesing og skriving. Strategien gjeld alle barnehagar, grunnskolar og vidaregåande skolar. Språkløyper skal gjere barnehagetilsette og lærarar enda betre rusta til å jobbe med språk, lesing og skriving. Sjå sprakloyper.no for meir informasjon.

lesesenteret.uis.no

Læringsmiljøsenteret

Læringsmiljøsenteret arbeider utoverretta, forskar og underviser for at barnehagebarn, elevar, lærlingar og vaksne skal få eit betre læringsmiljø.

Nettbasert masteremne om mobbing som Læringsmiljøsenteret tilbyr, i samarbeid med Dublin City University, det nettbaserte emnet «Prevention and intervention of bullying in learning environment» på 15 studiepoeng. Neste søknadsfrist er august 2017.

laringsmiljosenteret.uis.no

Matematikksenteret

Matematikksenteret skal medverke til auka kvalitet i matematikkopplæringa og til å utvikle gode haldningar, auka motivasjon og interesse for matematikk i barnehagen og grunnopplæringa. Senteret skal òg bidra til å styrkje kompetansen i rekning som grunnleggjande ferdigheit.

I prosjektet Mestre Ambisiøs Matematikkundervisning (MAM) utviklar Matematikksenteret ein modell med tilhøyrande ressursar for skolebasert kompetanseheving av lærarar på mellomtrinnet. Ressursane som blir utvikla, er òg relevante for lærarutdanninga og andre trinn i grunnopplæringa.

Matematikksenteret utviklar fleire nye ressursar for matematikk i barnehagen. Ressursane har som mål å inspirere, ufarleggjere og begeistre barnehagepersonalet for eit breitt matematikkfagleg arbeid i kvardagssituasjonar, leik og tilrettelagde aktivitetar. Ressursane er fine å bruke i kompetanseheving av personalet i barnehagen.

matematikksenteret.no

Naturfagsenteret

Naturfagsenteret er eit nasjonalt ressurssenter for naturfagdidaktisk kompetanse i barnehagen, grunnopplæringa og lærarutdanninga. Senteret skal mellom anna løfte fram refleksjonsskapande og motiverande arbeidsmåtar og læringsstrategiar.

Naturfagsenteret skal medverke til å gjennomføre den nye realfagstrategien Tett på realfag og vere ein ressurs i arbeidet.

Meir info og oversikt over tilbod frå Naturfagsenteret, sjå naturfagsenteret.no/realfagstrategien

naturfagsenteret.no

Nynorsksenteret

Nynorsksenteret er eit nasjonalt ressurssenter for nynorsk i grunnopplæringa og barnehagen. Senteret arbeider for auka kvalitet og motivasjon for nynorskopplæring, både som hovudmål og sidemål.

I barnehagen skal barna møte breidde og mangfald i det språklege arbeidet, samstundes som dei òg skal møte skriftspråk. Nynorsksenteret bidreg til auka kompetanse og bevisstheit kring nynorsk språk og litteratur.

Lesing og skriving på nynorsk som sidemål allereie på 5.-7. trinn legg eit godt grunnlag for ungdomstrinnet. Satsinga «God start med nynorsk» gir inspirasjon og hjelp til å gjennomføre læreplanmåla.

Nynorsksenteret arbeider for auka bruk av nynorsk barnelitteratur, og å spreie erfaringar frå prosjekt med nynorsk språkstimulering i barnehagen.

nynorsksenteret.no

Skrivesenteret

Skrivesenteret er eit nasjonalt ressurssenter som har som overordna mål å styrkje skrivekompetansen hos barn, unge og vaksne. Senteret arbeider med kompetanseutviklingstiltak og utviklar nettressursar om språkarbeid i barnehagen og skriveopplæring på skolen.

På skrivesenteret.no finn du fleire nye og inspirerande publikasjonar om skriving retta mot ulike fag og trinn. Lærarar på 4. til 9. årstrinn kan kontakte senteret for å få tilgang til læringsstøttande skriveprøver som gir verktøy for å vurdere elevtekstar, samanlikne skriveferdigheitene til eigne elevar mot eit nasjonalt nivå og for å støtte skriveutviklinga til den enkelte eleven.

skrivesenteret.no