Nærkontaktane

Annankvar onsdag er PP-rådgivarane Elisabeth og Jorunn til stades for elevar og lærarar på Lundamo ungdomsskole. Den nærkontakten gjer skolen betre, meiner rektor Bjørnar Duun.

Geir Anders Rybakken Ørslien

Desse to kjenner eg så godt no at eg berre kan slå telefonnummeret og få ein god samtale med éin gong – om det skulle vere noko eg treng råd om der og da. Dei kjenner oss godt, og dei gjer verkeleg ein forskjell.

Rektor Bjørnar Duun på Lundamo ungdomsskole i Melhus snakkar i varme ordelag om skolens to faste kontaktar i PP-tenesta: Elisabeth Myhre Johansen og Jorunn Gaasø Rimolsrønning. Dei to er blitt ein viktig del av skolekvardagen både for lærarane og dei 190 elevane ved ungdomsskolen.

– Av og til kjennest det som om dei er redninga, når vi av og til står i vanskelege dilemma som vi ønskjer å løyse til barnas beste. Og nøkkelen er at dei er fysisk til stades på skolen så ofte at dei kjenner både folka og systemet godt.

For Elisabeth og Jorunn har den nære og regelmessige kontakten med Lundamo ungdomsskole gjort det enklare å komme inn med tidleg innsats som verkar.

– Vi såg at talet på tilvisningar til PPT og på elevar med spesialundervisning auka mykje. For å stoppe denne utviklinga gjorde vi ei dreiing av innhaldet i fastavtalesystemet. Tida på fastdagar blir no i hovudsak brukt på tidleg innsats, faglege drøftingar og rettleiing på individ-, system- og organisasjonsnivå. Fastkontaktane har òg fått ansvaret for alle saker på «sin» skole/barnehage. Det gjer at vi får tettare kontakt og moglegheit for betre relasjon enn det som sakspapir og møta kan gi. Det gir oss kunnskap om skolen som gjer det enklare å finne gode løysingar for den enkelte eleven, før det blir ei sak, seier Elisabeth.

I løpet av eit år fekk PPT i Melhus i underkant av 200 tilvisingar frå skolar og barnehagar.

– No er vi i byrjinga av november, og er enno ikkje oppe i 100 tilvisingar. Talet har stupt fordi vi er blitt mykje betre til å finne løysingar saman med lærarar, elevar og foreldre. Det finst ofte enkle og praktiske tiltak vi kan bruke, når vi berre kjem tett nok på til å forstå situasjonen godt nok, seier Jorunn.

Elisabeth Myhre Johansen

Cand.polit i pedagogikk, sos.ped og rådgiving. Har vore i PP-tenesta i Melhus sidan 2009. Frå 1997-2009 i Trondheimsskolen som dagleg leiar i SFO/fagleiar. Er saman med Jorunn i PP-tenesta representantar i Læringsmiljøprosjektet.

Jorunn Gaasø Rimolsrønning

Allmennlærar med videreutdanning i spesialpedagogikk og logopedi (1. og 2. avdeling spesialpedagogikk). Har jobba i PP-tenesta i Melhus kommune som logoped og spesialpedagog sidan 1996, og er no fastkontakt for fire skolar.

Det er vel to år sidan Bjørnar Duun kom til Lundamo som heilt fersk rektor. For han har det vore ei uvurderleg støtte å ha dei to erfarne PP-rådgivarane tett på, både i dei daglege utfordringane – og på systemnivået.

– Vi har – for å nemne eit døme – arbeidd systematisk med rutinar for å forebyggje fråvær. Målet har vore å ha ein låg terskel for å gripe inn, med klart definerte kriterium for når og korleis det skal gjerast på ein god måte. I dette arbeidet har vi hatt svært god nytte av Elisabeth og Jorunn. Eit anna døme er elevar som kjem til oss utan å kunne norsk. Korleis kan vi gi eleven eit godt tilbod?

PP-rådgivarane hadde svar. Både Jorunn og Elisabeth har nyleg teke kurs i fleirkulturalitet og fleirspråklegheit, som eit ledd i «Strategi for etter- og vidareutdanning av tilsette i PP-tenesta» – også kjend som SEVU PPT.

– Denne kompetansehevinga gav oss eit stort fortrinn i arbeidet, og gjorde at vi kunne etablere ein rutine. PPT er i gang med å utarbeide ein rettleiar for alle skolane og barnehagane i Melhus, som viser korleis vi kan arbeide med slike saker, seier Jorunn.

Konklusjonen hennar deler både kollega Elisabeth og rektor Bjørnar heilhjarta:
– Det å jobbe systematisk, det verkar!