Yrkesfaglærarløftet:

Skal motivere fleire til å bli yrkesfaglærar

Noreg har behov for fleire yrkesfaglærarar i åra som kjem. Nye stipendordningar skal mellom anna trekkje til seg fagarbeidarar og motivere dei til lærarutdanning og arbeid i skolen.

Anders Ballangrud

Tommy Andresen & Ole Ekker

Det er spådd mangel på yrkesfaglærarar i Noreg i framtida. Som ein del av strategien Yrkesfaglærarløftet vil regjeringa syte for å rekruttere fleire yrkesfaglærarar og samtidig heve kompetansen til dei som allereie underviser i skolen. Tilsette i undervisningsstillingar som manglar godkjend lærarutdanning, kan søkje om å få utdanningsstipend for å ta praktisk-pedagogisk utdanning (PPU og PPU-Y) eller yrkesfaglærarutdanning (YFL).

Øyvind Eriksen går på utdanningsprogrammet Teknikk og industriell produksjon og er ein av dei som har fått innvilga utdanningsstipend for å ta yrkesfaglærarutdanning (YFL). Han har bakgrunn frå offshore, men jobbar no som yrkesfaglærar på Bergeland vidaregåande skole i Stavanger. Han kan fortelje at nedgangstider i oljebransjen var blant årsakene til at han såg seg rundt etter nye karrierevegar.

– Eg såg at det var litt usikkert med framtidig jobb i oljebransjen. Dessutan har vi fått familieauke i heimen. Begge var viktige faktorar å ta med i vurderinga når eg tenkte på jobbsituasjonen min framover, seier Øyvind.

Stor omstilling

Etter ti år med jobb som riggmekanikar på ein oljerigg stod han framfor eit karrieremessig vegval.

– Eg hadde jobba lenge i oljebransjen, og hadde eigentleg aldri hatt ein «vanleg» jobb. Når eg såg etter nye karrieremoglegheiter, stod eg framfor eit tøft val: Skal eg halde fram med det mekaniske, eller prøve noko heilt nytt? Eg tenkte mykje på dette, og fann til slutt ut at eg ville jobbe med menneske.

Valet fall altså på lærar, noko han no har jobba som i over eit år. Han er ikkje i tvil om at det var den rette avgjerda.

– At eg vart lærar, var nok litt tilfeldig. Men eg er glad det vart slik, og no snakkar eg varmt om læraryrket til venner og tidlegare kollegaer. Det er noko heilt anna å arbeide med menneske samtidig som ein kan arbeide med fagfeltet sitt. Eg synest det er heilt fantastisk, og eg gleder meg til å gå på jobb kvar dag, fortel Øyvind.

Planen vidare er å bli ferdig med ein bachelorgrad innan hausten 2019. Dette inneber kompetanseheving gjennom ein kombinasjon av teknisk utdanning og pedagogisk praksis. I løpet av tre år vil han gjennom den statlege ordninga få eit stipend på 200 000 kroner. Det synest han er god motivasjon for å kunne gjennomføre studiet og dermed få ei godkjend lærarutdanning, og han ser på det som eit gode for å få dyktige fagfolk inn i skolen:

– Eg synest stipendordninga er eit viktig tiltak og ei god gulrot for å få yrkesfolk inn i læraryrket. For eigen del tok eg eit stort hopp. Stipendet lettar arbeidsmengda monaleg, og utdanninga er nøkkelen til fast tilsetjing i skolen. Samtidig må eg understreke at dette var noko eg verkeleg ville, seier Øyvind.

Høg snittalder

Det er skoleeigaren som skal søkje om stipend på vegner av dei det gjeld. Inger Johanne Christensen er direktør for vidaregåande opplæring i Sør-Trøndelag og representerer skoleeigaren. Ho ser behovet for å rekruttere lærarar til yrkesfag i tida framover.

– Det eg kan seie om rekrutteringa av yrkesfaglærarar i Sør-Trøndelag fylkeskommune, er at vi no er i ein situasjon der vi må ta inn mange lærarar som manglar praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag (PPU-Y). Samtidig må mange av yrkesfaglærarane våre ta utdanning ved sida av jobben. Det er generelt høg snittalder blant yrkesfaglærarane våre, og vi har på mange måtar større utfordringar i desse faga enn for eksempel på studieførebuande utdanningsprogram. Vi har absolutt eit ønske om å rekruttere fleire direkte frå yrkesfaglærarutdanninga, seier Inger Johanne.

Skoleeigaren har tett kontakt med skolane for å følgje med på rekrutteringsbehovet på kort og lang sikt. Ho ser eit spesielt behov for å rekruttere innanfor elektrofag, teknikk og industriell produksjon, og bygg- og anleggsfaga.

– Vi har generelt få søkjarar, men det er veldig positivt at vi no har ei god stipendordning på plass, og at fleire blir merksame på at det er mogleg å ta lærarutdanning eller gå over i læraryrket etter å ha jobba i næringslivet nokre år. Det er viktig å rekruttere personar med røynsle frå næringslivet inn i skolen, men vi vil òg trekkje til oss personar som har dei rette eigenskapane, og som er gode til å jobbe med menneske.

– Det er ei forventning om at skoleeigaren vidarefører yrkesfaglærarløftet ved å arbeide for auka rekruttering, god kvalitet og relevans i utdanninga, og for å gjere kompetanseutviklinga mogleg. Det er i vår klare interesse at dette held fram, seier Inger Johanne.

Skoleeigarar som er interesserte i stipendordninga, bør vurdere eigne behov og på den bakgrunn ta kontakt med dei som allereie er tilsette, men òg peile seg inn på personar utanfor skolesektoren som kan vere aktuelle for utdanningsstipend eller rekrutteringsstipend. Det er skoleeigaren (fylkeskommunen, kommunen eller den private skoleeigaren) som avgjer kva for personar dei vil søkje om stipend for.

Øyvind Eriksen

Øyvind har utdanning innanfor elektronikk og mekaniske fag. Han tok fagbrev som motormann i forsvaret, og har omtrent 9 års erfaring i oljebransjen innan reparasjon og vedlikehald. I dag jobbar han som lærar innanfor Industriteknologi og tek ein bachelor på NTNU som yrkesfaglærar.

Fag- og yrkesopplæringa skal utdanne gode fagfolk. Både bedrifter og offentleg sektor vil i framtida ha eit stort behov for dyktige medarbeidarar med fag- og yrkesutdanning. Kunnskapsdepartementet har samanfatta eksisterande og framtidige tiltak retta mot yrkesfaglærarar i strategien Yrkesfaglærerløftet – for fremtidens fagarbeidere. Strategien skal medverke til:

  • auka rekruttering og kvalifisering av yrkesfaglærarar
  • god kvalitet og relevans i yrkesfaglærarutdanningane
  • gode moglegheiter for kompetanseutvikling

Utdanningsdirektoratet har ansvaret for fleire av tiltaka i strategien.

Kompetanseutvikling blant yrkesfaglærarar. Ei undersøking basert på OECD Teaching and Learning International Survey (TALIS)

Eit av tiltaka i strategien er å kartleggje behovet for kompetanseutvikling blant yrkesfaglærarar. Målet er å skaffe oppdatert informasjon som kan medverke til å utvikle tiltak som er godt tilpassa behova til målgruppa. Kartlegginga er gjennomført: Kompetanseutvikling blant yrkesfaglærere (2016) NIFU.

Stipendordning til yrkesfaglærarutdanning

For å stimulere til at fleire kvalifiserer seg til å bli lærarar, kan skoleeigaren søkje om utdanningsstipend for tilsette som ønskjer å ta ei yrkesfaglærarutdanning (treårig YFL eller toårig PPU-Y). Personar med annan type arbeidserfaring og kompetanse som no ønskjer seg til skolen, kan vere aktuelle for eit rekrutteringsstipend. Det er skoleeigaren som ut frå lokale behov søkjer om dette stipendet.

Utvikle gode tilbod om kompetanseutvikling for yrkesfaglærarar

Tiltaket skal gi fleire yrkesfaglærarar gode tilbod omkompetanseutvikling gjennom å utvikle nye og meir relevante etter- og vidareutdanningstilbod (pilotar).

Hospiteringsordninga

Ordninga skal medverke til å vidareutvikle kvaliteten i fag- og yrkesopplæringa gjennom fagleg utvikling/oppdatering av programfaglærarar, instruktørar og faglege leiarar.

Fagleg oppdatering i regi av arbeidslivet

Formålet med tiltaket er jamleg kompetanseheving med vekt på oppdatering i eige fagområde til yrkesfaglærarane.

Nettbasert kompetansetilbod for lærebedriftene

Utdanningsdirektoratet vil utvikle eit nettbasert kompetansetilbod i Vurdering for læring som er retta mot lærebedriftene, og som òg kan brukast av andre aktørar i fagopplæringa.

Vidareutdanning i fellesfag

Fleire av tilboda i strategien for vidareutdanning for lærarar i Kompetanse for kvalitet er retta mot lærarar som underviser i fellesfaga i vidaregåande opplæring. Det gjeld særleg tilbod i norsk, engelsk, matematikk og naturfag.

Etter- og vidareutdanningsmateriellet

Etter- og vidareutdanningsmateriell for instruktørar er oppdatert og tilgjengeleg på udir.no.

Kompetanseutviklingstilbod for prøvenemnder

Eit av tiltaka i strategien er å vurdere behovet for kompetansetilbod for prøvenemnder. Direktoratet har sett i gang eit arbeid for å få eit betre kunnskapsgrunnlag for å kunne foreslå målretta tiltak.

Med rekrutteringsstipend kan Julie Larsen redusere arbeidstida som bilmekanikar mens ho utdannar seg til yrkesfaglærar.

Nasjonalt register for lærebedrifter

Utdanningsdirektoratet har laga ei merkeordning for lærebedrifter som har minst éin lærling på lønningslista. På facebooksida til merkeordninga oppfordrar vi forbrukarar til å sjå etter lærlingmerket og velje godkjende lærebedrifter med lærling når dei skal handle noko. Slik håper vi å oppmuntre fleire bedrifter til å søkje om godkjenning og begynne å tilby læreplassar. Lærlingmerket gjer det enklarare for forbrukarar å finne fram til lærebedriftene, men ordninga er ikkje komplett utan eit søkbart register over godkjende lære-bedrifter med lærling. Det finn du i Nasjonalt register for lærebedrifter.

nlr.udir.no

Julie Sæther Larsen

Julie begynte som lærling hos Motor-Trade i 2008, der ho fekk fast jobb etter bestått fagprøve. Tok seinare utdanning gjennom Mercedes-Benz sitt skolesystem, og jobbar i dag som teknikar ved sida av studia.

Annleis rolle

Blant dei som er vurderte, og som har fått tildelt rekrutteringsstipend, er Julie Larsen. Ho jobbar som bilmekanikar i Trondheim og går andre året på yrkesfaglærarutdanninga i Teknikk og industriell produksjon på NTNU. Mange vil hevde at ho har teke ein noko utradisjonell yrkesveg, men no opnar ho altså dørene for ein karriere i læraryrket.

– Eg har jobba som bilmekanikar i åtte år, og eg har etter kvart visst at eg ønskte å prøve noko nytt. Læraryrket har alltid verka interessant, og eg synest det er artig å lære bort. I jobben min hjelper eg lærlingane stadig vekk, og det er ei rolle eg trivst med, seier Julie.

Med rekrutteringsstipendet kan ho redusere arbeidstida mens ho utdannar seg til yrkesfaglærar. Og etter studiet opnar bacheloren for fleire moglegheiter. Mellom anna kan ho undervise i bilfag på Vg2-nivå, og ho har faktisk allereie fått verdifull erfaring gjennom studia.

– Så langt har det vore veldig artig, og eg merkar at jeg får stadig meir utbytte av utdanninga. Eg er mellom anna blitt tryggare på å stå framfor folk og snakke og undervise. Eg har gode praksiserfaringar med elevar i verkstadssituasjonen og har laga undervisningsopplegg for elevane på teoribiten. Det er ei veldig annleis, men samtidig spennande rolle, sier Julie.

– Eg merkar heile tida at det er mange ting i læraryrket eg framleis må bruke tid på å lære meg. Men det er spennande å prøve, avsluttar ho.