Lærer å leie

– Vil du at elevane skal endre seg, bør du begynne med deg sjølv, seier rektor Bjørn Arild Frestad på Liknes skole.

Anders Ballangrud

Espen Røst

Er du ikkje som rektor villig til å endre deg, har du ingenting i jobben å gjere. Sidan samfunnet endrar seg heile tida, bør det vere eit krav at leiarar og lærarkollegiet endrar seg i takt med samfunnet. Det skulle jo berre mangle. Vi vil jo at elevane skal endre seg.

Bjørn Arild Frestad er rektor på Liknes skole i Kvinesdal kommune og er tydeleg på kva som krevst av ein skuleleiar. Rektorkollega Ole Jørgen Øygården er einig. Han er rektor på Flatbygdi skule i Vik kommune.

– Utan endringskompetanse er du hjelpelaus, seier Ole Jørgen.

Einkvar skuleleiar har ansvar for kontinuerleg å utvikle eit godt og motiverande læringsmiljø for elevane og eit kompetent lærarkollegium, meiner dei. Både Bjørn Arild og Ole Jørgen har begge fullført rektorutdanninga og har fleire år bak seg som rektor. Men dei er framleis ivrige etter å bruke skuleleiarrolla til å utgjere ein forskjell for elevane og for dei tilsette på skulen.

– Det er eit sterkt fokus på at ein skule må vere i konstant utvikling, nettopp fordi samfunnet heile tida er i endring. Å vere oppdatert på det som skjer, og ikkje slappe av på dette området er noko einkvar skuleleiar må ta inn over seg. I løpet av ein tiårsperiode sender vi omtrent 500 elevar ut i verda, og da er det viktig at du har utgjort ein forskjell, seier Bjørn Arild.

Ole Jørgen ønskjer òg å vere ein rektor som utgjer ein forskjell både for elevar og lærarar. Etter ein gong å ha overhøyrt ein lærar seie at han aldri hadde hatt ein rektor som i ettertid har betydd noko for han, bruker Ole Jørgen no dette som motivasjon til sjølv å opparbeide sterke relasjonar til dei han i dag leier på skulen.

Bjørn Arild Frestad

Han begynte som lærar på Kvinlog skule i 2000 etter å ha fullført fireårig lærarutdanning i Kristiansand. I ein alder av 28 år blei han rektor på Austerdalen skole i Kvinesdal. I 2011 begynte han som rektor på Liknes skole i same kommune. Bjørn Arild fullførte rektorutdanninga i 2010.

Ole Jørgen Øygarden

Han har utdanning frå Lærerhøgskolen i Stord. Han underviste på ein privatskole i California frå 1989–1990, på Tangen skole frå 1991–1995 og på Feios skole frå 1995–2010. Same år begynte han som rektor på Flatbygdi skule i Vik kommune. Ole Jørgen fullførte rektorutdanninga i 2013.

– For min del er relasjonskompetanse det viktigaste. Det krev at du skal kunne kommunisere godt med både elevar og lærarar, og kunne handtere alt frå faglege og administrative oppgåver til psykiske utfordringar, skilsmisser og depresjon. Da er det nødvendig å vere tydeleg og ha tillit blant alle i verksemda, seier Ole Jørgen, som er på fornamn med alle dei 240 elevane på skulen.

Vi møter dei to på Clarion Hotel Royal Christiania i Oslo under eit såkalla Benchlearning-arrangement i regi av Utdanningsdirektoratet. Dette er eit samarbeid Utdanningsdirektoratet har med Skolverket i Sverige, og til saman 60 norske og svenske rektorar er to gonger i året inviterte for å dele erfaringar og lære meir om innovative og nyskapande læringsmiljø.

– Benchlearning er utruleg lærerikt og godt bygd opp. Vi blir presenterte for ein god del teori og den nyaste forskinga på feltet. I tillegg til to godt førebudde og fantastiske skulebesøk i Oslo og Stockholm har vi moglegheit til å diskutere og drøfte skuleleiing med andre skuleleiarar i Noreg og Sverige. Ikkje minst kan du knyte deg til nettverk du kan ha nytte av seinare, seier Ole Jørgen.

«Det er eit ærefullt oppdrag vi har. Samtidig er det litt skremmande. Å leie i skulesamanheng handlar om å prioritere riktig, gjere gode val og forvalte godt den kapitalen vi har ansvar for.»
Ole Jørgen Øygarden

 
Føremålet med Benchlearning-samarbeidet er å gje skuleleiarane idear til å utvikle eigen leiarskap og eigen organisasjon, auka forståing for og nye perspektiv på reformer og endringsprosessar i verksemda, og å skape kontaktar mellom norske og svenske rektorar.

– Det er ein fin delingskultur, og eg har gjort store endringar i eigen leiarskap etter samlingane. Når eg ser korleis svenske rektorar løyser utfordringar, og dei stiller meg interessante spørsmål, er eg nødt til å reflektere over kvifor eg gjer som eg gjer. Til dømes har vi på skulen eg jobbar på, starta med ein meir distribuert leiarstil etter samlingane. Dette inneber at initiativet til utvikling og skuleprestasjonar skal komme frå lærarane. På denne måten byggjer vi opp personalet til å ønskje å vere med på utviklinga, samtidig som dei får ein eigarskap til det. Dette har gjeve veldig tydelege effektar, fortel Bjørn Arild.

At oppgåver kan delegerast, men ikkje ansvaret, er nettopp noko av essensen i rektorutdanninga. Det inneber eit ansvar for å oppnå gode resultat, og å oppnå resultata på ein god måte. Vidare betyr det ansvar for at medarbeidarane har eit godt og utviklande arbeidsmiljø, og ansvar for at verksemda er rusta for å oppnå gode resultat i framtida. Det vil med andre ord seie at ein rektor har eit viktig samfunnsoppdrag i tillegg til den daglege drifta av verksemda han eller ho leier.

– Det er eit ærefullt oppdrag vi har. Samtidig er det litt skremmande. Å leie i skulesamanheng handlar om å prioritere riktig, gjere gode val og forvalte godt den kapitalen vi har ansvar for. Det er kanskje ein klisjé, men for meg er barna den viktigaste kapitalen i samfunnet, seier Ole Jørgen.

Rektorutdanninga har som mål å auke leiarkompetansen og gje større tryggleik i rolla som skuleleiar blant landets rektorar. Både Bjørn Arild og Ole Jørgen meiner dei sit på ein langt større tryggleik i å leie etter fullført rektorutdanning.

– Kompetanse gjev den nødvendige tryggleiken. Å vere rektor inneber av og til å vere tøff. Gjennom rektorutdanninga vart eg veldig bevisst på prosessen med å velje ut dei beste lærarane til jobben. Lærarane er trass alt den viktigaste ressursen vi har for å skape god læring og godt læringsmiljø i klasserommet. Deretter må vi skape kultur for å styrkje det som er bra hos den enkelte, og rettleie på det som ikkje er så bra. Det gjeld å ha dei gode folka i leiinga som er tydelege på skulens visjonar, og som er klare på kva som krevst. Lærarane er ei ekstrem viktig brikke i dette, og dei må involverast i den vegen som vi stakar ut, meiner Bjørn Arild.

– Ein skuleleiar kan bety mykje for utviklinga på ein skule, og difor er eg glad det vert satsa på å utvikle gode leiarar. Rektorutdanninga er utan tvil den mest relevante utdanninga eg har hatt med tanke på leiarrolla. Ho er veldig konkret, forskingsbasert, tek opp aktuelle tema og viser korleis ein kan påverke læringsmiljø og trivsel. Samtidig kunne eg ta med det eg lærte ut i praksis med ein gong, legg Ole Jørgen til.

Han trur rektorutdanninga har medverka til eit skifte i korleis leiarrolla vert utøvd på norske skular.

– Det har vore mykje fokus på kompetanseutvikling i kollegiet, men lite på rektorjobben. Går vi eit stykke tilbake i tid, var nok rektor ein meir administrerande leiar, den fremste av lærarane. No føler eg at det har skjedd eit tidsskifte, der fokuset ikkje lenger er like retta mot system, lover og paragrafar, men retta mot korleis ein kan bruke leiarrolla opp mot elevane. Fokuset har i alle fall skifta kraftig etter rektorutdanninga for min del, avsluttar Ole Jørgen.