Lærarspesialistane

Lærerspesialistordninga er kanskje ny, men studentane på utdanninga ser allereie at kompetansen vil vere nyttig for å utøve ei fagleg leiarrolle på skolen og i lærarkollegiet.

Anders Ballangrud

Ole Ekker

Steinar Nese og Gunnhild Borge Eilertsen er begge tilsette i rolla som lærarspesialist på høvesvis Kila skole i Harstad kommune og Tæruddalen skole i Skedsmo kommune. Begge har hatt tittelen lærarspesialist i over eitt år, og begge har starta på vidareutdanning til lærarspesialist i matematikk for ungdomstrinnet hausten 2016. Sjølv om studiet er i oppstartsfasen, ser dei to utbytte av utdanninga etter berre to samlingar på NTNU i Trondheim.

– Det eg liker med studiet, er at eg får moglegheit til å fordjupe meg i eit fag eg liker, samtidig som eg lærer korleis ein underviser mattefaget på ein betre måte. Dette gjer utdanninga veldig interessant. I tillegg føler eg meg noko meir eigna til å drive med skoleutvikling, og kanskje kan eg bidra med litt meir enn ein gjennomsnittleg lærar i faget etter kvart, seier Gunnhild.

– Eg trur utdanninga er avgjerande for suksessen eg kan oppnå i rolla, og eg har store forventningar til dette. Dersom fortsetjinga er like bra som studiet til no, ser eg allereie at utdanninga kan bli veldig nyttig, følgjer Steinar opp.

Kunnskapsdepartementet starta prøveordninga med lærarspesialistar i 2015. I mars 2016 vart utvalgde kommunar inviterte til å søkje om å delta i ei prøveordning for vidareutdanning som er innretta mot funksjonen som lærarspesialist. Totalt 37 skoleeigarar er del av prøveordninga. I pilotprosjektet er det tilbod om studium i to fag: spesialistutdanning i matematikk ved NTNU og norsk med vekt på lese- og skriveopplæring ved Universitetet i Stavanger. Målet med lærarspesialistordninga er å utvikle nye karrierevegar for lærarar som ønskjer profesjonell vidareutvikling samtidig som dei undervise.

– Å vere lærarspesialist er ei stor oppgåve med mykje ansvar. Hovudprosjektet mitt på sikt er å endre og forbetre matteundervisninga på Kila skole. For å få til varige endringar må heile skolen vere med på endringa for at ho skal kunne setje seg, meiner Steinar.

– Dette gjeld heile organisasjonen, frå elevar til lærarar, foreldre, skoleleiing og politikarar.

Ordninga fører med seg høgare lønn og meir ansvar for lærarspesialistane. Sjølv ser Steinar gleda i å vere ein pådrivar og motivator som både skal gi utbytte for elevane på skolen og engasjement i kollegiet.

– Eg brenn for faget og har alltid likt matematikk, tidlegare som elev og no som lærar. Eg ser behovet for å ta tak i matteundervisninga for å få fleire elevar til å meistre det. Og eg håper og trur utdanninga kan bidra til at eg tek den rolla som er nødvendig for å få det til, fortset han.

Funksjonen som lærarspesialist inneber mellom anna å bidra til utvikling av den kollektive kompetansen og praksisen på eigen skole. Studiet har arbeidskrav som inneber å reflektere over, utvikle og utforske eigen praksis, og å setje i gang utviklingsprosessar på eigen skole. Målet er at studentane gjennom studiet skal utvikle kunnskap i matematikk og matematikkdidaktikk og kompetanse til å kunne utøve ei fagleg leiarrolle på skolen og i lærarkollegiet. Det vil seie at rolla ikkje berre medfører å halde seg oppdatert på eit fagfelt, men også å ta ulike initiativ til utviklingsarbeid og kompetanseheving blant lærarar og tilsette på skolen.

Gunnhild hadde i utgangspunktet ikkje tenkt så mykje over moglegheita til å bli lærarspesialist. Men ettersom skolen skulle ta del i satsinga, søkte ho stillinga. Da ho fekk tilbod om å ta lærarspesialistutdanninga i matematikk på NTNU, var det med ein gong veldig aktuelt.

– Da eg søkte i samråd med skolen eg jobbar på, tenkte vi at dette var ressursar og nytenking vi ikkje ville gå glipp av. Dessutan var det å søkje knytt til det at eg liker å vidareformidle det eg lærer, og det er morosamt å få sett av ekstra ressursar til å jobbe med faget, seier ho.

Utdanninga går over to år, og det er krav om 60 studiepoeng i fordjupingsfaget (matematikk eller norsk) og minst fem års erfaring som lærar. Studiet er på masternivå og kan innpassast i ein mastergrad. Utdanninga gjer det òg mogleg å teste kompetansen i praksis.

– Vi skal til dømes ha to praktiske oppgåver i to ulike skoleklassar i Trondheim. Delar av samlingane er flytta frå campus og ut til Charlottenlund ungdomsskole, NTNUs universitetsskole, der vi får låne eit trinn med elevar. Der blir det mogleg å teste det vi lærer. Med andre ord får vi altså moglegheit til å lære, planleggje og teste ut det vi lærer på studiet i ein vanlig matteklasse, seier Gunnhild.

Kva vil du få ut av studia?

– Det eg vil få ut av dette, er å få såpass fagleg tyngde at eg kan vere med på å drive det pedagogiske utviklingsarbeidet på skolen og i kommunen. Studiet vil truleg utruste meg slik at eg kan vere med på å endre måten faget blir undervist på, da vi veit mange elevar slit med matematikken.

Ho meiner hovudpoenget bør vere at personane som driv utviklingsarbeidet, ikkje berre sit sentralt i kommunen, men sjølve jobbar på skolen.

– Dersom endringsarbeid blir drive av nokon som har den nødvendige kompetansen og har dagleg kontakt med elevane og kollegiet på skolen, er det lettare å få det til, avsluttar ho.

Steinar Nese

Han er utdanna allmennlærar (3-årig) ved Bergen lærerhøgskole. Sidan har han tatt etterutdanning i matematikk, og er no adjunkt. Han har jobba som lærar sidan 1993, og på Kila skole i Harstad kommune sidan 1995. Har vore lærarspesialist i realfag sidan 2015, og gjennomfører no utdanning til lærarspesialist i matematikk ved NTNU.

Gunnhild Borge Eilertsen

Ho er utdanna adjunkt med opprykk ved Universitetet i Oslo, med faga matematikk og naturfag. Ho har jobba som lærar i til saman 13 år. I dag jobbar ho ved Tæruddalen skole, og underviser i matematikk, naturfag og teknologi i praksis. Ho har vore lærarspesialist i realfag sidan hausten 2015.