Rettleiing av nyutdanna under lupa

Rettleiingsordninga for nyutdanna barnehagelærarar og lærarar byggjer på gode intensjonar, men blir dei oppnådde i praksis? 

Geir Anders Rybakken Ørslien

God rettleiing av nyutdanna barnehagelærarar og lærarar medverkar til auka tryggleik og fagleg utvikling i jobben, men har mindre å seie for meistringskjensla og rekrutteringa. Det er nokre av funna i evalueringa om nyutdanna.

Målet er at ordninga skal gjere overgangen frå utdanning til yrkesliv betre, og støtte opp om barnehagen og skolen som arenaer for lærande fellesskap og profesjonsutvikling.
Men i kva grad medverkar ordninga til å rekruttere og halde på dyktige barnehagelærarar og lærarar – og til å skape ein betre overgang mellom utdanning og yrkesliv?

Og kva med rettleiarutdanninga: Gir ho nødvendig kompetanse og ferdigheiter til dei som skal gi god rettleiing?

I november 2016 fekk Kunnskapsdepartementet nokre svar i ein evalueringsrapport gjennomført av Rambøll på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet. Rapporten byggjer på svar frå nyutdanna barnehagelærarar og lærarar og svar frå rettleiarane til dei nyutdanna, og på casestudiar og dokumentstudiar.

Her er nokre av funna:

• Fleirtalet av dei nyutdanna har eit positivt inntrykk av rettleiinga og meiner ho dempar praksissjokket. Barnehagelærarane er noko meir positive enn lærarane på skolen.
• Eit klart fleirtal av dei som får rettleiing, fortel at ho gir tryggleik, auka bevisstgjering på og utvikling av eigen kompetanse – og at ho hjelper dei til å bli meir komfortable i lærarrolla.
• Undersøkinga viser likevel at nyutdanna lærarar i liten grad er opptekne av rettleiingsordninga når dei søkjer jobb, og at effekten på rekrutteringa dermed er avgrensa.
• Dei ferske lærarane nemner heller ikkje at rettleiinga har noko å seie for opplevinga av meistring i arbeidet. Sosial støtte frå kollegaer og fagleg samarbeid med kollegaer er viktigare her.
• 60 prosent av dei nyutdanna og nytilsette som har svart på spørjeundersøkinga, opplyser at dei får eller har fått rettleiing.
• Rettleiinga er organisert på ulike måtar. Organiseringa har lite å seie for om brukarane er tilfredse. Dei viktigaste suksessfaktorane er tilliten mellom rettleiar og nyutdanna, og om det er sett av tid til jamlege møte.

Kva seier så evalueringa om utdanninga av rettleiarane? Heile 96 prosent av dei som har gjennomført utdanninga, meiner kvaliteten på studiet er god eller svært god. Utfordringa for rettleiarane er å få sett av nok tid.

Andre funn i evalueringa av utdanninga:

• Fleirtalet av kandidatane gjennomfører 30 studiepoeng, mens 38 prosent har gjennomført 15 studiepoeng. Der studiet er organisert i modular, er det fleire som stoppar ved 15 poeng.
• Rettleiarutdanninga endrar praksisen hos rettleiarane. Dei blir mindre opptekne av å vurdere og gi råd til dei nyutdanna, og meir opptekne av å leggje til rette for refleksjon – enn rettleiarar utan slik utdanning.
• Både dei nyutdanna barnehagelærarane og lærarane er meir fornøgde med dei rettleiarane som har teke rettleiarutdanning.

Programmet Rettleiing av nyutdanna lærarar og barnehagelærarar kom i 2003. Programmet inneber at lærarutdanningane støttar barnehage- og skoleeigarar i oppfølging og rettleiing av nyutdanna. Rettleiingsordninga er nedfelt i kvalitetsavtalen mellom KD og KS, der det er presisert at kommunar og fylkeskommunar skal arbeide målretta med å tilby rettleiing til nytilsette og nyutdanna pedagogar i barnehagen og på skolen.