Med språket som nøkkel

Utdanningsdirektoratet tilbyr for første gong vidareutdanningstilbod til barnehagepedagogar. Vidareutdanningstilbodet inngår i Kompetanse for fremtidens barnehage – strategi for kompetanse og rekruttering 2014-2020.

Marianne Wilhelmsen

Jan Inge Haga

Studietilbodet Barns språkutvikling og språklæring i barnehagen skal ha fokus på det språkarbeidet barnehagepedagogane gjer for å styrkje læring, kommunikasjon og sosiale relasjonar hos barn. Studiet skal òg bidra til at tilsette i barnehagen fangar opp barn som strever med språkutviklinga, slik at dei får god støtte og oppfølging tidleg for å førebyggje seinare vanskar.

Stor interesse

Ved Universitetet i Stavanger tilbyr dei vidareutdanning innan barns språkutvikling og språklæring i barnehagen. Emneansvarleg, Gunn H. Oftstad, fortel om stor interesse for studiet.

– Det er første gongen vi gjennomfører studiet, og mange studentar har fått plass, men fordi det var mange søkjarar til studiet, var det fleire som ikkje fekk tilbod denne gongen.

Interessa for språkutvikling er stor fordi språk er sentralt i alt pedagogisk arbeid i barnehagen. Og det at barnehagetilsette veit mykje om språkutvikling, gjer at dei kan leggje betre til rette for ønskt språkutvikling. I tillegg veit vi at kompetanse på språkutvikling gjer at ein tidlegare kan sjå barn som slit, og kan setje inn førebyggjande tiltak for å unngå uønskt utvikling.

Gunn H. Ofstad

Ho er universitetslektor, tilsett ved Lesesenteret og emneansvarleg og faglærar for studiet Barns språkutvikling og språklæring i barnehagen. 

Ragna Albrektsen Vatland

Ho er utdanna førskolelærar ved Universitetet i Agder og har arbeidd i Sunde barnehage som pedagogisk leiar i 12 år.

Studiet er delvis nettbasert og delvis samlingsbasert og rettar seg berre mot barnehagelærarar. I tillegg blir Facebook brukt aktivt i undervisninga. Studiet går òg føre seg mellom samlingane når studentane er på jobb i barnehagen.

– Ein viktig del av studiet er at studentane får knyte praksis opp mot teorien gjennom å bruke den teoretiske kunnskapen på eigen praksis undervegs i studieforløpet. Studentane vel ei problemstilling dei fordjupar seg i, og tek utgangspunkt i denne på eigen arbeidsplass, seier Gunn.

Emneansvarleg for vidareutdanningstilbodet Barns språkutvikling og språklæring i barnehagen, Gunn H. Ofstad (t.v), fortel om stor interesse for studiet. Ragna Albrektsen Vatland er ein av studentane.

Meir bevisst

Ragna Albrektsen Vatland er ein av studentane og arbeider til dagleg som pedagogisk leiar ved Sunde barnehage i Farsund. Trass i at ho berre har vore på éi samling, merkar ho allereie at ho er meir bevisst på språkutviklinga blant barna i barnehagen.

– Eg ser og høyrer språk på ein heilt annan måte og er merksam på at ingen barn skal få velje vekk å vere aktive i språkstimulerande aktivitetar. Når vi til dømes skal ha leseaktivitetar, er eg meir bevisst på gjennomføringa. Kjem vi til dømes over nye ord undervegs, så arbeider vi med at barna skal forstå innhaldet og ikkje berre lære orda. Da må ein gå djupare og vere meir nysgjerrig, seier ho.

I Sunde barnehage arbeider dei òg bevisst med språkutvikling gjennom kompetanseutviklingspakkene Språkløyper – Nasjonal strategi for språk, lesing og skriving 2016-2019.

– Barns framtid er sterkt påverka av ei god språkutvikling frå første stund. Ny forsking kjem heile tida, og vi veit forståeleg nok meir no enn vi visste for 10 år sidan. Da studiet kom, såg eg at det var mogleg å fordjupe seg enda meir i eit spennande og viktig felt, avsluttar ho.