Med nærleik som metode

PP-rådgivar Trine Halvorsens viktigaste jobb er å løyse vanskelege tilhøve på eit tidleg tidspunkt.

Geir Anders Rybakken Ørslien

Tambartun barnehage i Melhus har ofte besøk av PP-tenesta. Eller av Trine, som både barna og dei vaksne seier. Trine Halvorsen er nemleg PPTs kontakt for Tambartun, og ho er der på ein halv dag fast kvar månad – til fri disposisjon. Da er det barnehagen sjølv som bestemmer kva det er dei ønskjer seg frå henne.

– Eit typisk døme kan vere eit ønske om å observere på ei småbarnsavdeling. Barn tek ofte leiker frå kvarandre utan å spørje – noko som skaper konfliktar gong på gong. Eit tilsynelatande lite og kvardagsleg problem, men òg noko som vi bør ta tak i, meiner Trine.

– Ofte handlar det om manglande evne til å bruke dei vaksne til å hjelpe seg og uttrykkje det ein ønskjer. Da kan eg drøfte med dei tilsette kva for grep vi kan ta i bruk her for å bryte mønsteret. Eg kan òg bidra i samtale med foreldra og gi dei rettleiing, seier Trine – som er fullt klar over at mange vil sjå på dette som ein bagatell.

– Det kan vere ein bagatell, men det kan òg vere spiren til eit større problem. Det kan vere eit barn som ikkje får den vaksenstøtta det treng, og som endar med eit vanskeleg tilhøve til dei andre barna. Eg har sett kor krevjande slike tilfelle kan bli på sikt, men eg har òg sett kor greitt dei kan løysast ved tidleg innsats. Det er i barnehagen vi verkeleg kan snu ting. Jo lenger vi ventar, jo meir ressursar krev det.

Trine Halvorsen

Ho har hovudfag psykologi, vore i PP-tenesta sidan 1995. Erfaring frå Egersund og Melhus kommune sidan 1997. Har arbeidd med alle aldersgrupper, no hovudsaklieg til og med 4. klasse.

Agnar Ølstørn

Han er utdanna førskolelærar ved NLA Høgskolen Bergen i 2006. Har arbeidd som pedagogisk leiar og styrar i fleire barnehagar i Bergen og Trøndelag, og vart styrar i Tambartun barnehage i 2012.

Melhus kommune har brukt fastkontakt-systemet i ti år både i barnehagane og på skolane. Det er styrar Agnar Ølstørn i Tambartun barnehage glad for.

– Det å jobbe tett saman med PPT hjelper både barna, familiane deira, oss som tilsette – og ikkje minst skolane som barna skal begynne på. Vi har fleire gonger sett at godt arbeid saman med PPT i barnehagen har gitt ein skolestart, som vart betre enn nokon våga å håpe på. Når vi tek tak i tide, og vi kan lene oss på ein PP-kontakt som kjenner oss godt – da får vi til mykje bra, seier Agnar.

 
Vi møter han og Trine i barnehagen i skogkanten, der heile sju avdelingar held hus.

– Eg har alltid hatt god kjennskap til styrarane, men når eg er regelmessig innom på faste dagar, så får eg òg betre kontakt med dei andre tilsette. Det byggjer ned deira terskel for å ta opp spørsmål eller bekymringar, og det gjer det enklare for meg å få til gode rettleiingar. Og når vi skal arbeide godt også på systemnivå, er dei personlege relasjonane viktige for at det skal fungere, seier den erfarne PP-rådgivaren.

Agnar merkar godt forskjell frå tidlegare barnehagar, der PP-tenesta berre kom inn når det var større problem.

– Dei rutinemessige dagane med besøk normaliserer nærværet, og dei tilsette føler ikkje at dei må ta seg saman fordi det kjem «ein framand ekspert frå byen» for å vurdere. Her gleder dei tilsette seg til å få Trine på besøk. Vi seier ikkje at det er PP-tenesta som kjem. Det er Trine som kjem, og henne kjenner vi.

Begge brenn for tidleg innsats, og Agnar er tydeleg på at rettleiing er ein nøkkelfaktor.

– Dersom vi skal lykkast med tidleg innsats på lågt nivå, treng vi ein kultur der vi er gode til å gi kvarandre konstruktive tilbakemeldingar, og ein kultur som er open for rettleiing utanfrå. Det får vi av Trine, som bidreg inn på avdelingsmøta og i konkrete situasjonar, seier styreren.

– Ja, det hender at det kjem opp utfordringar som krev litt ekstra, og da lagar eg gjerne eit lite minikurs i tematikken for eit avdelingsmøte, fortel Trine.

– Der kan eg bidra med forsking, erfaringar og heilt konkrete innspel til den aktuelle problemstillinga. Og sidan eg kjenner både barna og dei vaksne, er det mykje enklere å skreddersy innhaldet.

– Det er eit viktig poeng til her: Det at Trine ikkje berre kjem med generelle råd, men òg kan vere heilt konkret fordi ho kjenner oss godt, det gjer at vi straks kan ta i bruk kunnskapen i praksis. Det er ein klar styrke for kompetanseutviklinga vår, understrekar Agnar.

Det er barna det handlar om, og korleis barnehagens tidlege innsats kan løfte barna inn i ein betre skolekvardag.

– Eg er òg fastkontakt på ein skole som barnehagebarna mine soknar til, og eg har følgt fleire av barna vidare dit. Der ser eg at mange av barna som vi har gitt systematisk hjelp i barnehagen, klarer seg veldig godt på skolen. Der spring dei omkring som levande bevis på at tidleg innsats verkar!

Det er barna det handlar om, og korleis barnehagens tidlege innsats kan løfte barna inn i ein betre skolekvardag.
Trine Halvorsens faste dagar i barnehagen gjer det enklare å fange opp ting det bør ordnast opp i.