Det kollektive lyftet

Barnehagane i åtte kommunar rundt Sognefjorden har samla sine tilsette i sju fagnettverk der dei deler kunnskap og erfaringar. For Askedalen barnehage i Leikanger skapte det ein ny og betre arbeidskvardag.

Geir Anders Rybakken Ørslien 

Edith Valeberg Eggum hadde ikkje særleg tru på at nye «regionale fagnettverk» skulle gjere barnehagekvardagen meir interessant og givande. Men slik vart det. Ein idé som starta lokalt, engasjerer i dag over 200 barnehagetilsette i åtte kommunar inst i Sognefjorden. Det har gjeve eit markant lyft for den kollektive kompetanseutviklinga i regionen og i kvar barnehage som er med i fagnettverk.

– Eg synest vi har vorte flinkare til å gje ungane meir. Det er meir perspektiv over det vi lærer dei no, fortel den erfarne assistenten Edith, som er ei av tre eigarar i Askedalen barnehage.

Faga er lyfta fram

Haustregnet siler ned frå grå himmel over Leikanger, men ungane som går på tur saman med Edith Valeberg Eggum, stråler i møte med enkle kvardagsgleder. Dei plukkar nøtter blant gule lauv på bakken og prøvesmaker dei siste epla denne hausten – før dei traskar vidare oppover dalsida.

Edith er fagansvarleg for natur, miljø og teknikk. Kvar av kollegaene har fått eitt fagområde som dei tek særleg ansvar for. Dei sju områda er henta direkte frå rammeplanen, og er no lenger framme i arbeidskvardagen enn nokon gong.

Mykje av inspirasjonen er henta frå dei halvårlege regionmøta i kvart fagnettverk. Der deler dei eigne erfaringar og metodar med dei andre kollegaene, og dit inviterer dei kunnskapsrike gjester som kan lære alle noko nytt. Innhald og opplegg styrer faggruppene sjølve.

Møtt med skepsis

– Eg skal innrømme at eg var skeptisk da eg høyrde om dei nye fagnettverka. Og eg var ikkje åleine. Det var fleire som sa at dette har vi verken økonomi eller tid til. Korleis skal vi få gjort dette i tillegg til alt det andre?

– Kva skjedde så?

– Vi vart engasjerte av kvarandre! Natur er eit fagområde eg har jobba mykje med før, men det har vore svært givande å sjå det på nytt saman med kollegaer frå heile regionen. Det å få eit konkret ansvar gjer òg fagområdet tydelegare. Eg har vorte meir motivert til å setje meg djupare inn i fagområdet mitt, og eg er meir bevisst på kva fagområda til dei andre faktisk inneheld, seier Edith.

– Dette ser eg òg hos kollegaene mine her i barnehagen. Jo meir engasjerte vi vert i våre respektive felt, jo meir smittar det. No er det mykje enklare å trekkje alle dei ulike fagområda inn i ein aktivitet. No er det òg lettare å sjå kor mykje som faktisk handlar om til dømes identitet, etikk, form, språk og tal. Da er det lettare å trekkje inn fleire fagområde i aktivitetane vi skaper for ungane.

Systematiserer det vi allereie gjer

Tilbake i barnehagen hengjer dei kleda til tørk etter turen, mens maten kjem på bordet – og Edith set seg ned med styrar Hilde Valvik Menes og pedagogisk leiar Lillian Bruheim.
At Hilde òg er begeistra for dei regionale fagnettverka, er ikkje så overraskande – i og med at ho leier organiseringa av dei og var ein sentral pådrivar fram mot den aller første samlinga i 2013.

– Dette tek faktisk ikkje meir tid. Det handlar berre om å systematisere det vi allereie driv med, slik at vi faktisk gjer det enklare for oss sjølve. Eg vil seie at vi sparer på denne forma for kollektiv kompetanseutvikling, sidan engasjementet aukar, og vi dermed får meir att for ressursane vi bruker, seier Hilde.

Hilde Valvik Menes

Eigar og styrar i Askedalen barnehage i Leikanger sidan 2008, og tok leiarutdanning i 2011. Leiar styrarnettverk i Region Sogn og arbeidsgruppa for kompetansearbeid i barnehagen i regionen.

Edith Valeberg Eggum

Ho er utdanna innan handel og kontor, og var vikar i kommunal barnehage før ho vart assistent og medeigar i Askedalen barnehage.

Lillian Bruheim

Ho har norsk grunnfag og bachelor i førskolelærarutdanning ved HiSF 1997, og vidareutdanna i IKT i arbeid med barn og Rettleiing og mentoring. Medansvarleg for regionalt fagnettverk innan Kommunikasjon, språk og tekst.

Dei sju fagområda: 

Dette er dei sju fagområda som har fått sine eigne regionale fagnettverk for barnehagane i Sogn.

  1. Kommunikasjon, språk og tekst
  2. Kropp, bevegelse og helse
  3. Kunst, kultur og kreativitet
  4. Natur, miljø og teknikk
  5. Etikk, religion og filosofi
  6. Nærmiljø og samfunn
  7. Tal, rom og form

 

Deltakarane i nettverka er tilsette i 42 barnehagar i Aurland, Balestrand, Høyanger, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal. Kvar nettverksgruppe har rundt 25-30 medlemmer, som sjølve styrer innhaldet i dei to årlege samlingane.

Nettverka har fått til studieturar til Bergen, Oslo, Danmark, Island og Roma. I februar 2017 reiser natur, miljø og teknikknettverket til Svalbard.

Det er kompetansemidlar frå Fylkesmannen som gjer det mogleg å drive fagnettverka.

Fagnettverka har si eiga nettside, der faglege presentasjonar, referat, informasjon og konkrete aktivitetsforslag vert delte med dei andre. Du kan kikke innom sida på fagnettverk.wikispaces.com

Det er ikkje tilfeldig at Leikanger har to eple i kommunevåpenet. Bygda er blant landets største på epledyrking, og barna i Askedalen barnehage smaker med glede.

– Korleis begynte dette?

– Vi ynskte å auke kompetansen for alle dei tilsette, og slik lyfte det faglege nivået på det vi gjev til ungane våre. Dermed starta vi arbeidet med fagnettverk for å lære av kvarandre. Resultatet er at vi no er mykje flinkare til å snakke om det vi driv med, vi er i større grad eit lærande kollegafellesskap prega av delingskultur. Når kvar enkelt har eit spesielt ansvar for eit bestemt fagområde og hentar kunnskap frå andre, ser eg at dei vert vane med å sjå meir aktivt etter om det er mogleg å prøve nye ting.

Haustregnet siler ned frå grå himmel, men ungane som går på tur saman med Edith, stråler i møte med enkle kvardagsgleder.

Meir engasjerte rollemodellar

Lillian nikkar. Som pedagogisk leiar er ho glad for å sjå effekten av fagnettverka på fleire plan. Og det aller viktigaste – nemleg det innhaldet som dei tilsette formidlar til ungane kvar einaste dag.

– Vi vaksne er her i barnehagen som rollemodellar for dei små. Og vi ser at aktive og engasjerte rollemodellar lærer bort mykje meir enn det passive og uengasjerte rollemodellar klarer. Dei kreftene og den energien som vi legg i arbeidet vårt, kjem ungane til gode kvar dag. Som når vi midt i lunsjen kjem på at vi vil gjere eit eksperiment, fordi vi er inspirerte. Da er det òg lettare for oss å tenne på ungane sine eigne idear, fordi vi alltid er på leiting etter nye grep som dei kan lære noko av. Dette har gjort noko med heile energien i barnehagen, og det er eg veldig glad for å sjå.

Men lyftet har definitivt ikkje komme utan systematisk innsats.

Svarer på behov frå arbeidskvardagen

– Det var litt tungt i byrjinga, fortel Hilde.

– Somme meinte at dette er ting vi kan, dette er jo ting vi har gjort før. Ingen ville ha fleire planar trekte ned over hovudet, og eg kan ikkje piske nokon til å engasjere seg. Derfor understreka vi at dette handlar om å lage våre eigne planar, om å lage våre eigne verktøy for å gjere kvardagane betre for ungane.

Nøkkelen var å hente opp behov frå eigen arbeidskvardag, og møte dei med kunnskap og erfaringar som kan drøftast og brukast i faglege fellesskap – styrt av dei som deltek.

– Dét er nøkkelen til suksess, fastslår Hilde.

– Vi kan ikkje sitje i regionen og avgjere kva det skal satsast på. Det er dei som er på avdelingane, som kjenner både ungane og foreldra, og som veit kva slags påfyll dei treng.

Slik vart nettverka til: 

2010: Sogn regionråd vedtek barnehage­utviklingsprosjektet Sats på barnehagen – snu Sogn for å medverke til høgare kvalitet, auka jobbnærvær og meir trivsel og betre fagleg utvikling for barn og tilsette. Prosjektet svarer på utfordringane i Stortingsmelding 41 Kvalitet i barnehagen (2008).

2010: Prosjektet fører til ein partnarskapsavtale mellom regionrådet, NAV, HiSF og Utdannings­forbundet. Eit eige punkt handlar om å etablere regionale fagnettverk for å styrkje dei sju fagområda i rammeplanen for barnehagane. Planlegging og etablering av nettverk i 2011 og 2012.

2013: Prosjektperioden er over ved utgangen av 2012, og satsinga er no teken vidare med politisk forankring som ein del av skule- og barnehage­utviklingsprogrammet System for styrka læring i regi av Sogn regionråd. Dette rådet består av ordførarane i dei åtte kommunane i Sogn.

2013: Høgskulen i Sogn og Fjordane styrkjer rolla si i satsinga med nye midlar frå UDIR til prosjektet Barnehagen som lærande organisasjon. Ein del av midlane gjekk til fagleg støtte og rettleiing til dei sju regionale fagnettverka i regi av barnehagelærarutdanninga ved HiSF.

2015: Tredjeårsstudentar ved barnehage­lærarutdanninga ved HiSF vert no deltakarar i fagnettverka som likeverdige med dei tilsette. Frå hausten 2016 vart dette utvida til å gjelde alle dei tre årstrinna ved utdanninga.