Bli betre saman

Leiarar som skal sikre at alle i barnehagen blir med på å løfte kvaliteten på arbeidet sitt, treng kløkt, mot og uthald, meiner professor Kjell-Åge Gotvassli.

Geir Anders Rybakken Ørslien

Få har hatt meir å seie for fagfeltet leiing i norske og nordiske barnehagar enn Kjell-Åge Gotvassli. Han er professor i leiing ved Dronning Mauds Minne Høgskole for barnehagelærarutdanning og Nord universitet, og har skrive fleire fagbøker om temaet. Gotvasslis siste bok handlar om barnehagen som læringsarena.

Kva meiner han må til for å sikre ei vellukka kompetanseutvikling som inkluderer alle tilsette i barnehagen? Vi begynner med ei omgrepsavklaring.

– Kva legg du i omgrepet lærande organisasjon?

– Det vil kort sagt seie at alle tilsette i fellesskap blir einige om å vurdere praksisen, og drøfte kva som må endrast for å bli betre. Omgrepet «den lærande organisasjonen» har stått sentralt i ei rad dokument i barnehagesektoren dei siste åra, men har i liten grad fått ei forklaring. Mange knyter det til barnas eiga læring, men det er òg viktig å sjå at det handlar om personalets læring. Det handlar om at vi lærer av kvarandre og saman reflekterer over vår eigen praksis. Dette er òg ei mental innstilling – og ikkje minst ein kontinuerleg prosess.

– Kva for kunnskaps- og læringssyn ligg til grunn her?

– Til grunn ligg eit syn på kunnskapsutvikling der kunnskap først og fremst blir utvikla når vi arbeider saman for å utvikle måten vi jobbar på. Vi kan seie at dette byggjer på eit sosiokulturelt perspektiv på læring – der praksisfellesskapen på jobben er det sentrale.

Kjell-Åge Gotvassli

Han er pedagog og professor i leiing ved Dronning Mauds Minne Høgskole for barnehagelærarutdanning og Nord universitet i Bodø. Forfattar av ei rad bøker om leiing i barnehagen. Tok doktorgrad ved Copenhagen Business School i 2006 med avhandlinga Et praksisbasert perspektiv på dynamiske læringsnettverk i toppidretten.

– Kva er premissane for ei barnehagebasert kompetanseutvikling?

– Den viktigaste premissen er at vi prøver å utvikle kompetanse lokalt, at dette blir tett knytt til arbeidskvardagen – og at alle tilsette deltek. Det er framleis rom for at kvar faggruppe skal ha si eiga læring, sjølvsagt. Men det er fellesskapen – det kollektive innslaget – som er viktigast her.

– Kva vil du seie er målet med barnehagebasert kompetanseutvikling?

– Eit opplagt mål her må vere å utvikle praksisen vår i tråd med dei kvalitetsmåla vi har sett oss. Det er viktig å seie at ein ikkje bør sjå på dette som eit mål i seg sjølv, men som eit verkemiddel for å betre kvaliteten. Det er mykje som tyder på at det er kvalitetsskilnader når det gjeld barnehagetilbodet i Noreg. Derfor er det så viktig å arbeide for å styrkje kompetansen i kvar enkelt barnehage.

– Kva seier så forskinga om verdien av ei slik kollektiv kompetanseutvikling?

– Våre forskingsresultat fortel om at personalet blir meir samansveisa, meir bevisste på tilsettrolla i samspel med barna, og meir opptekne av å styrkje dei daglege kvardagssamtalane. Her har kollektiv kompetanseutvikling hatt stor effekt. Det viser forskinga vår som er gjord i barnehagar i Klæbu og Trondheim i regi av Forskingsrådet.

– Kva for kompetanse må leiinga ha for å drive barnehagebasert kompetanse-utvikling?

– Eit viktig poeng er at dei må forstå korleis vi som gruppe kan bevege oss frå individuell til kollektiv undring, og så vidare til semje om å endre praksisen – og så faktisk gjere det. Dette krev kløkt, mot og uthald frå leiarane i barnehagen. Ikkje minst fordi alle i ein barnehage som har sett opp eit ideal for ønskt praksis, også må tole å bli målte og vurderte etter dette idealet.

– Kva er skilnad og likskap mellom barnehagebasert utvikling og skolebasert utvikling?

– I den grad eg kjenner begge, så er mykje likt. Skilnaden er at skolen har ei meir homogen personalgruppe, mens barnehagen må ta omsyn til eit større mangfald når det gjeld utdanningsbakgrunn og barnefagleg kompetanse i personalgruppa. Styrken er at barnehagane – slik eg opplever dei – ofte er meir kollektivt orienterte enn det skolen tradisjonelt er.

– Korleis fremje læring i heile personalgruppa?

– Ved å bruke tid! Har du sett deg nokre ideelle mål, så treng du minst eit barnehageår før måla kan setje seg i heile personalet. Men da er det heilt avgjerande at idealet blir formulert klart og tydeleg i årsplanen. Dersom arbeidet stadig er prega av delte meiningar om kva mål som skal prioriterast, så er det umogleg å jobbe langsiktig med endring.

– Korleis kan ein leiar motivere til læring og skape ein lærande kultur?

– Nøkkelen er å få fram at dette er noko vi uansett er nødt til å arbeide med for å kunne gjere ein god jobb i barnehagen. Dette er ikkje noko som ligg på toppen av det andre. Det er ein nøkkel til å gjere både oss og kvardagen betre.