#UDIRBETA

Udir har oppretta ein eigen blogg som heiter #Udirbeta. Målet er at bloggen skal bidra til ein dialog om korleis vi kan skape ein god og trygg barnehage og skole, og korleis direktoratet kan bidra på ein best mogleg måte.

Udir vil dele erfaringar, statistikk og nye løysingar. Du kan delta ved å gi tilbakemeldingar og komme med innspel til korleis Udir kan jobbe smartare. Dette kan du gjere ved å kommentere i kommentarfeltet på bloggen, eller når Udir deler innlegg i sosiale medium.

Vi vil gjerne ha forslag til innlegg eller ønske om tema vi kan omtale på bloggen.

Har du forslag til innlegg?
Bruk #udirbeta på Twitter eller send ein e-post til redaksjon@udir.no.