Tydeleg leiarskap gir gode elevprestasjonar

Forsking viser at ei velfungerande og engasjert skoleleiing har mykje å seie for samarbeid mellom lærarane og god pedagogisk praksis. Som leiar for lærarfelleskapen har skoleleiinga ein indirekte påverknad på læringsmiljøet og læringsresultata til elevane.

Det finst òg ei rad ulike studiar som har påvist ein samanheng mellom skoleleiing og læringa til elevane. Felles for mange av studia er at dei finn at læringa til elevane blir påverka av bestemte sosiale relasjonar mellom leiaren og medarbeidarane.

Ei velfungerande skoleleiing er kjenneteikna ved at leiinga aktivt engasjerer seg i skolens pedagogiske verksemd, til dømes ved å delta i planlegginga og utforminga av undervisninga.