Skolerettleiar for barn i barnevernet

I dag er det berre fire av ti barn som har fått hjelp frå barnevernet, som fullfører vidaregåande.

Barn og unge med tiltak frå barnevernet er i sårbare situasjonar som kan verke negativt på læringa på skolen. Derfor er det viktig at skolen og barnevernet samarbeider om å leggje til rette for at kvart enkelt barn får den opplæringa det skal ha. Ei kartlegging viser at tilsette på skolen og i barnevernet har lågare forventningar til barn med tiltak frå barnevernet enn til andre skolebarn.

Rettleiaren løfter fram korleis barnevernet og skolen kan og bør samarbeide: Korleis kan vi samarbeide om ein best mogleg skolekvardag for barnet? Korleis samarbeider vi når eit barn har faglege eller sosiale utfordringar? Korleis samarbeider vi i bekymringssituasjonar og ved eventuelle skolebytte?

Les mer på bufdir.no/barnevern