vi-har-laerling

Skaper yrkesstoltheit


Aust-Agder var blant dei første i landet til å ta i bruk den nye merkeordninga for godkjende lærebedrifter med minst ein lærling på lønningslista. Både fylket og bedriftene merkar allereie dei positive effektane.

I fjor haust vart den nye merkeordninga for bedrifter med minst ein lærling på lønningslista lansert av Kunnskapsdepartementet. Merkeordninga er eit initiativ under regjeringas yrkesfagløft. Målet med merkeordninga er å auke talet på læreplassar.

– Vi har merka ein positiv effekt etter at vi fekk merket og sette fokus på dette. Ikkje berre gjennom positive tilbakemeldingar frå våre kundar og tilsette, men også frå lærlingane sjølve. Dei opplever auka yrkesstoltheit gjennom merkeordninga, seier Rune Jacobsen, dagleg leiar ved RSA Bil i Arendal.

Han fortel ivrig om ei spesiell oppleving han hadde her om dagen.

– Ein av lærlingane våre snakka med ein kunde i kundemottaket vårt. Da lærlingen vart usikker, forklarte han kunden og viste til merket at han var ein av fleire lærlingar hos oss, og at han derfor skulle høyre med ein av våre meir erfarne tilsette. Vi kunne sjå på både lærlingen og kunden at det var ei trygg oppleving, og det er eit tydeleg bevis på at den nye merkeordninga fører til auka yrkesstoltheit.

Nettopp auka yrkesstoltheit er eit viktig poeng med den nye merkeordninga og er eit uttalt mål frå Kunnskapsdepartementet. Departementet ønskjer også å leggje vekt på at merkeordninga skal vere enkel å innføre, og at ho krev lite byråkrati og administrasjon.

Rune Jacobsen

Rune Jacobsen

Dagleg leiar RSA Bil i Arendal.

Bilde av Heidi Tveide

Heidi Tveide

Fagopplæringssjef i Aust-Agder fylkeskommune

Dette blir stadfesta av Heidi Tveide, fagopplæringssjef i Aust-Agder fylkeskommune, som var først ute med den nye ordninga.

– Dei aller fleste bedriftene i fylkeskommunen har allereie teke merkeordninga i bruk og gir svært positive tilbakemeldingar. Opplæringskontora fekk merket ut problemfritt og raskt allereie første veka. Nettopp det at det krev lite administrasjon og byråkrati, gjer at vi har stor tru på denne ordninga, seier Tveide.

Bilde av lærling

Høgt tempo og bratt læringskurve. Lærlingane hos RSA Bil i Arendal får god oppfølging frå dei meir erfarne på arbeidsplassen.

«Vi veit at bedriftene med lærlingar har eit kvalitetsstempel fordi dei har den rette kompetansen til å gi opplæring. »

– Heidi Tveide

Eit teikn på samfunnsansvar
Den nye merkeordninga skal medverke til å skape tryggleik og fungere som eit kvalitetsteikn for kundar av bedrifter. Ho viser at bedrifta tek samfunnsansvar og har ein klar filosofi om kunnskapsoverføring og kvalitet.

– Ordninga er veldig fin. Eg føretrekkjer til dømes å bruke ein frisør med merkeordninga, framfor ein utan merket. For meg er det eit kvalitetsstempel på linje med at bedrifta er eit miljøfyrtårn. Dette er tilbakemeldingar eg også har høyrt frå andre, både privat og i jobbsamanheng, seier Tveide.

Dette stemmer godt overeins med inntrykket hos bedriftene.

– Vi har allereie fått positive tilbakemeldingar frå kundar som har sett merket, og det trass i at vi ikkje har begynt å bruke det aktivt i marknadsføringa enda, seier Rune Jacobsen stadfestande, og fortset:

– Vi har planar om å ta i bruk merket i samband med marknadsføringa vår framover. For oss er det eit kvalitetsteikn på linje med diverse autorisasjonar som gjeld for bilbransjen. Det er også med på å skilje oss frå useriøse aktørar i bransjen, noko som berre blir viktigare og viktigare.

Villig til å betale meir for kvalitet
At bedriftene som får lærlingmerket er autoriserte og kvalitetsbevisste, fører også ofte til ein høgare pris enn hos bedrifter utan merket. Det er ikkje med på å skremme kundane, snarare tvert imot, ifølgje fylkeskommunen.

– Eg trur faktisk forbrukarane er villige til å betale meir for tenester hos bedrifter med den nye merkeordninga. Parallelt med at det også finst useriøse aktørar, er det godt for forbrukaren å vite at det er ein skikkeleg murar eller rørleggjar dei bruker. Merket gir tryggleik og sikkerheit for kunden, og det er folk flest villige til å betale for. Vi veit at bedriftene med lærlingar har eit kvalitetsstempel fordi dei har den rette kompetansen til å gi opplæring. Altså er det berre seriøse aktørar som kan få merket, understrekar Tveide.

Fakta

  • Merkeordninga er eit ledd i regjeringas yrkesfagløft
  • Merkeordninga skal gi bedrifter med lærlingar moglegheit til å vise det fram
  • Målet er at fleire forbrukarar vel å bruke lærebedrifter, som igjen fører til fleire bedrifter som tilbyr lærlingplassar
  • Kvart år er det mellom 6000 og 8000 søkjarar som ikkje får lærlingplass
  • Alle bedrifter som oppfyller krava frå fylkeskommunen, skal i løpet av hausten 2015 få tilbod om merket
  • På sikt er det også planlagt eit register der ein enkelt kan søkje seg fram til bedrifter med merket

Orden i systemet –lærlingane hos
RSA Bil er involverte i alt frå lagersystematisering
til administrative
oppgåver.

Orden i systemet –lærlingane hos RSA Bil er involverte i alt frå lagersystematisering til administrative oppgåver.