Nettbasert kompetansetilbod i vurdering

Høgskolen i Lillehammer har fått i oppdrag frå Utdanningsdirektoratet å utvikle ein såkalla MOOC (Massive Open Online Course) for skolesektoren. Tilbodet rettar seg mot skolar som ønskjer å vidareutvikle vurderingspraksisen sin i fellesskap.

Kompetansetilbodet er nettbasert, og du deltek der du bur og jobbar.

Kompetansetilbodet er lagt opp slik at skoleleiarane får ressursar og oppgåver som er tilpassa deira rolle. Lærarane på si side får ressursar og oppgåver som er tilpassa arbeidet med elevane Det er ikkje lagt opp til samlingar utover det nettbaserte tilbodet.

Læringa består av åtte modular som inneheld ressursar og støtte til følgjande tema:

  • kollektiv profesjonsutvikling og skoleutvikling
  • læreplan og læring i langt tidsspenn
  • tidspunkt i undervegsvurdering
  • målorientering
  • feedback – læringsfremjande tilbakemeldingar
  • elevinvolvering
  • læringsleiing og ulike vurderingsreiskapar
  • læring i nettverk og utvikling av vurderingskultur

For meir informasjon: www.hil.no/skolesider