Kva gjær dei som ikkje fekk læreplass?

Samfunnet og arbeidslivet er avhengige av fagarbeidarane, men kvart år står mange utan læreplass. Per 1. desember 2013 hadde nærmare ein av tre søkjarar ikkje fått godkjend lærekontrakt. Det er stor variasjon mellom fylka. Rogaland er fylket der flest søkte læreplass, og der den største prosentdelen fekk lærekontrakt. Her var det 18 prosent av søkjarane med ungdomsrett som ikkje hadde fått godkjend lærekontrakt innan 1. desember. I Østfold stod derimot 49 prosent av ungdommane utan godkjend lærekontrakt på same tidspunkt.

Les meir på udir.no/tilstand