KRAFTIG AUKE I VIDAREUTDANNING

Kraftig auke i vidareutdanning for lærarar

Det er ein sterk auke i talet på lærarar som tek vidareutdanning. Studieåret 2014/2015 tok 3408 vidareutdanning gjennom Kompetanse for kvalitet, mot 1800 året før. Talet på dei som studerer matematikk, rekning og naturfag, er mykje høgare enn tidlegare, og 61 prosent tok vidareutdanning i desse faga. Dette kjem fram i ei undersøking gjennomført av NIFU på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.

Alle lærarane er fornøgde med kvaliteten på studiet, og nesten alle svarer at dei skal endre eigen praksis som følgje av dette. Læringsutbyttet varierer ein del mellom studiestad og fag. Ved sju av tretten matematikkstudium er læringsutbyttet lågare enn gjennomsnittet for alle fag. For lite fokus på fagdidaktikk og høgare faglig nivå i faget enn det som er relevant for deira eiga undervisning, er årsaker som kan bidra til å forklare lågare læringsutbytte i enkelte fag.

Ein høg prosentdel av deltakarane meiner skolen dei jobbar på, legg godt til rette for at dei skal studere, og opplever at vidareutdanning er høgt prioritert ved deira arbeidsstad. I 2015 kunne deltakarane anten søkje om stipend- eller vikarordning. 76 prosent har hatt vikarordning og 24 prosent stipendordning. Dei som har hatt vikarordning, ville i større grad valt denne ordninga på nytt, og dei er meir fornøgde enn dei med stipendordning.

Les heile rapporten på udir.no