I DAG JOBBAR DET 67 000

I dag jobbar det 67 000 lærarar i grunnskolen i Noreg

For å kartleggje «den norske læraren» har Udir publisert ein artikkel basert på to undersøkingar frå OECD og SSB. I dag jobbar det 67 000 lærarar i grunnskolen i Noreg. Dei underviser meir enn 619 000 elevar på barnetrinnet og ungdomstrinnet. I den vidaregåande skolen er det over 25 000 lærarar som underviser til saman 197 000 elevar. Det er vanskeleg å finne eit eintydig svar på kva som kjenneteiknar den norske læraren. Kvar enkelt lærar har ulik erfaring og bakgrunn. Generelt sett kan vi seie at norske lærarar er kjenneteikna ved at dei har høg formell utdanning, trivst i lærargjerninga, er motiverte for å undervise, har gode relasjonar til elevane sine, og er positivt innstilte til å delta i utviklingstiltak.