Høgt presterande elevar

Utval for høgt presterande elevar vart nedsett av regjeringa hausten 2015. Utvalsleiar er Jan Sivert Jøsendal, og utvalet består av praktikarar, utdanningsleiarar og forskarar som har erfaring og kompetanse med evnerike og høgt presterande elevar. Utvalet skal foreslå konkrete tiltak for at fleire elevar skal prestere på høgt og avansert nivå i grunnopplæringa, og for at denne gruppa skal få eit betre skoletilbod.

Kva er situasjonen i skolen i dag?
Alle elevar har rett på ei opplæring som er tilpassa deira evner og føresetnader.

Mange evnerike elevar i skolen strevar med å bli anerkjente og aksepterte.

Norske lærarar seier dei har for lite kunnskap om korleis dei kan leggje til rette opplæringa for denne gruppa.

Elevar med potensial til å nå dei høgste faglege nivåa presterer ikkje nødvendigvis høgt. Det er det samansette grunnar til som utvalet skal sjå på.

Utvalet vil leggje fram si utgreiing med forslag til tiltak i september 2016.

Utvalet tek gjerne imot innspel til josendalutvalget@udir.no.