rettleiarkorpset

Held fokus


Etter lang tids frustrasjon over uro og dårlege læringsresultat fekk Fjerdum skole i Gausdal kommune hjelp av Rettleiarkorpset. To år seinare er læringsmiljøet betydeleg forbetra.

Som ny rektor hausten 2014 arva Richard Høgås ein del utfordringar. Ved Fjerdum skole hadde det over tid vore mange elevsaker og mykje uro. Rettleiarkorpset hadde sitt første møte med skolen vinteren 2014, og var dermed allereie i gang da Høgås tok over rektorjobben.

– Det er fort gjort å ville veldig mykje på ein gong, og dermed gå i stå. Rettleiarane hjelpte oss til å setje fokus på korleis vi skulle utvikle skolen som ein lærande organisasjon, og som ny rektor passa dette som hand i hanske. Det har vore veldig nyttig å bli sett utanfrå, og skolen har definitivt teke et steg i riktig retning, seier Høgås.

Mandatet til Rettleiarkorpset er å gi støtte til skoleeigarar og skolar som treng rettleiing for å betre læreprosessane i skolen. Fjerdum skole var ein av fem skolar i Gausdal kommune som fekk rettleiing i perioden frå januar 2014 til juni 2015. Kommunenivået fekk også hjelp av Rettleiar-korpset.

– Gausdalsskolen opplevde svakare læringsresultat enn ønskjeleg. I tillegg hadde vi behov for ei tydeleggjering av kommunenivået si rolle som skoleeigar. Vi trong å skape ei felles forståing på og mellom alle nivåa, og her kom Rettleiarkorpset inn i biletet, seier Cathrine Furu, kommunalsjef i Gausdal kommune.


Richard Høgås

Høgås har gått på lærarskolen ved Høgskolen i Nesna. Han har etterutdanning i matematikk og master i offentleg forvaltning ved Høgskolen i Lillehammer. I fem år jobba han som lærar på Lillehammer, og han har hatt to år som inspektør ved Aurvoll skole i Øyer. I 2014 vart han rektor på Fjerdum skole i Gausdal.

Bilde av Richard Høgås i et klasserom

 

Stort press på rektorane var ei av dei store utfordringane, og manglande rådgivarressursar i kommunen gjorde at dei måtte ta på seg mange skoleeigaroppgåver. I dag har kommunen fått ein pedagogisk rådgivar, ein god støttefunksjon for rektorane.

– At vi fekk ein rådgivar, er takk vere prosessen med Rettleiarkorpset. Rettleiarane var fagleg dyktige, varme og rause med mykje praksiserfaring og gode intensjonar på vegner av kommunen. No har vi rydda opp i mykje og lagt ein plan for vidare utviklingsarbeid med realistisk progresjon.

Skolane i Gausdal kommune fekk rettleiing kvar for seg, og kvar skole har gjennomført ein ståstadsanalyse. Rektor Høgås fortel at dette gav Fjerdum skole ei god oversikt over kva som burde gjerast.

– Analysen gav oss verdifull innsikt om kvar skoen trykkjer. No tek vi bevisste val i staden for å hoppe frå det eine utviklingssporet til det andre. Kor lett vi kan miste fokus, var nok mi største aha-oppleving. Rettleiarkorpset bad oss halde retninga og følgje den raude tråden. Dette vart også den viktigaste bodskapen, fastslår Høgås.

Om Rettleiarkorpset

Rettleiarkorps er eit tilbod til kommunar som ynskjer å forbetre skolen gjennom systemisk kvalitetsutviklingsarbeid. Regjeringa ynskjer å rette ein særleg innsats mot skuleeigarar med særskilde utfordringar og gi desse eit løft. Målet er at alle elevar skal vere inkluderte og oppleve meistring, ha grunnleggjande ferdigheiter og fullføre vidaregåande opplæring. Eit rettleiarteam med dyktige rettleiarar som har bakgrunn frå skole og skoleeigarskap følgjer utviklingsarbeidet og gir rettleiing. Teamet rettleier to til tre skoleeigarar gjennom ein periode på inntil to og eit halvt år.

Frå Rettleiarkorpset starta har 114 skoleeigarar fått rettleiing frå Rettleiarkorpset. Søknad om deltaking må sendast til Fylkesmannen.

UDIR - EA - Dag Olav Espeland 00065


Dag Olav Espeland

Espeland er seniorrådgivar i eige firma, og har lang erfaring frå leiing på ulike nivå innafor utdanningssektoren. I 13 år var han skole- og barnehagesjef i Skien kommune. Dei siste tre åra har han vore engasjert av Utdanningsdirektoratet som teamleiar for Rettleiarkorpset. Eit slikt rettleiaroppdrag har eit omfang på rundt 30 prosent av eit årsverk over halvanna år.

Dag Olav Espeland er koordinator i Rettleiarkorpset, og var ein av rettleiarane som arbeidde med Gausdal kommune.

– Vårt hovudoppdrag er å leggje til rette for god læring for elevane. Rettleiarkorpset er samansett av folk med god praksis i skolefeltet, som kjenner utfordringane og har vore der sjølv. Derfor kjem vi veldig fort på bølgjelengd med skolane, og vi klarer å hjelpe dei til å komme på rett utviklingsspor.

Kvardagen på skolen byr på mange forventingar. Espeland trur fleire ulike krav til endring på same tid kan skape forvirring.

– Å tenkje utvikling og strategi er ikkje alltid like lett i ein hektisk kvardag. Vi hjelper til med å sortere og prioritere i dette landskapet. For å ha god utvikling må du ha eit skjerpt fokus på det du skal utvikle. Du må gjere nokre val.

«Rettleiarane var fagleg dyktige, varme og rause med mykje praksiserfaring og gode intensjonar på vegner av kommunen.»

– Cathrine Furu

Bilde av Cathrine Furu

Cathrine Furu

Furu har cand. mag. med praktisk-pedagogisk utdanning. Ho har jobba som lærar både i vidaregåande skole og på ungdomsskole. Dei seinare åra har ho vore rådgivar, sekretariatsleiar og stabssjef i Lillehammer kommune. I 2015 starta ho i jobben som kommunalsjef i Gausdal kommune, med ansvar for blant anna oppvekst.

I samarbeid med rettleiarane laga Fjerdum skole ein utviklingsplan med milepælar på kvar dei ville vere på gitte datoar. Skolen bestemte seg for først å fokusere på uro i klasserommet.

– Bråk og uro gir dårlege føresetnader for læring. Derfor vart vår første prioritet å fokusere på klasseleiing. Det tok ikkje lang tid før vi såg resultat av arbeidet, og stor forbetring i klasserommet. Vi har færre elevsaker og dermed fått meir tid til det faglege slik det skal vere.

Rettleiinga ved Fjerdum skole vart avslutta med sluttrapport våren 2015. Høgås fortel at samarbeidet med Rettleiarkorpset har vore givande.

– Vi har teke med oss ein ny tryggleik inn i kvardagen, og vi har forstått at vi må ta oss god tid til å fokusere på det som er viktig. I dag er læringsmiljøet på heile skolen betre, noko vi får stadfesta av alt frå foreldre til vaktmeister.

Om læringsresultata også blir betre på sikt, står att å sjå. Rettleiarkoordinatoren meiner godt utviklingsarbeid absolutt vil medverke til dette.

– Å innarbeide betre struktur på skolen vil auke kvaliteten på læringa over tid. Det å ha gode rutinar i utviklingsarbeidet vil også gi betre elevresultat i andre enden, seier Espeland.