Bilde av barn som leker

Gladare barn
med aktiv læring


Fysisk aktivitet har positiv effekt for læring, konsentrasjon og psykisk helse. No har Drammen kommune teke desse fordelane på alvor. Frå skoleåret 2015/2016 skal alle elevane i grunnskolen vere aktive minst éin time dagleg.

Det er kjent for dei fleste at fysisk aktivitet er nødvendig for normal vekst og utvikling og god helse blant barn og unge. Samtidig viser forsking at mange barn sit for mykje stille. No har Drammen kommune bestemt at alle elevar skal få tilbod om ein time fysisk aktivitet kvar dag. Bak vedtaket står eit samstemt bystyre.

– Visjonen for Drammenskolen er at barn og unge oppfyller sitt fulle potensial og blir trygge, aktive og sjølvstendige menneske. Alt heng saman med alt, og det er viktig å utvikle alle sider ved mennesket. Læring skjer i mange situasjonar og ikkje isolert i klasserom, meiner Hilde Marie Schjerven. Ho er leiar for Noregs beste skole, eit kompetansesenter som har som mål at skolen i Drammen skal bli nettopp det.

Ein viktig del av denne satsinga er aktiv læring i alle fag. Tilbodet med 60 minutt fysisk aktivitet dagleg skal vere læringsstimulerande, integrert i faga og gjennomførast innanfor den ordinære skolekvardagen. Faget kroppsøving utgjer to timar kvar veke, og fysisk aktivitet for mellomtrinnet ein time kvar veke. Dei resterande to eller tre timane skal fyllast med fysisk, aktiv læring som metode i fag.

– Fysisk, aktiv læring vil seie at ein bruker fysisk aktivitet som eit pedagogisk verkemiddel for å lære betre og for å støtte opp under læring og læringsprosessar. Dette skal gi ein meir variert og aktiv skolekvardag for barna, samtidig som det bidreg til god fysisk og psykisk helse, fortel Schjerven.

Bilde av Hilde Marie Schjerven

Hilde Marie Schjerven

Pedagogisk konsulent i Drammen kommune

Helsedirektoratets anbefalingar

  • Barn bør vere fysisk aktive i leik eller annan aktivitet minst 60 minutt kvar dag.
  • Legg til rette for fysisk aktivitet i kroppsøvingstimane, aktivitet i løpet av skoledagen, i friminutta og andre situasjonar der alle kan vere med.
  • Leik og fysisk aktivitet utover 60 minutt kvar dag gir meir robuste og friskare barn.
  • Tida i ro bør avgrensast og delast opp med meir aktive periodar.
  • Aktiviteten bør vere variert, allsidig og av moderat eller høg intensitet.
  • Minst tre gonger i veka bør aktiviteten vere med høg intensitet, og inkludere aktivitetar som gir auka muskelstyrke og belastar skjelettet.

Satsinga handlar også om å auke kvaliteten i kroppsøvingsfaget. Derfor er det utarbeidd ein ny kommunal læreplan i kroppsøving som vart lagd fram hausten 2015. Ei arbeidsgruppe med seks Drammenslærarar har laga 40 periodeplanar for å hjelpe lærarane i Drammen til å realisere formålet med faget.

– For å sikre ønskt læringsutbytte skal lærarane planleggje for læring først, og deretter velje passande aktivitet. Den nasjonale læreplanen har heile 48 kompetansemål. Føremålet med den lokale læreplanen er å hjelpe lærarane med å realisere desse måla, fortel Schjerven.

Ein time fysisk aktivitet kvar dag høyrest veldig bra ut. Men korleis gjer dei dette i praksis? Vi drog på besøk til Bragernes skole i Drammen for å finne ut meir. Her blir vi møtt av tre smilande lærarar, med ildsjela Elisabeth Liverud i spissen.

– Velkommen til oss! Vi har nokre elevar borte på fotballbanen som skal ha fysak-time no snart. La oss ta ein prat før vi går ut til dei.

Elisabeth er kontaktlærar på 7. trinn, og Melinda Løver og Irene Haugjord er avdelingsleiarar. Lærarane ser utviklinga på nært hald: avstanden mellom dei som er aktive, og dei som ikkje er det, aukar. Dei eldre barna har dårlegare motorikk enn før og treng meir bevegelse.

– Mange av elevane treng å kunne utfalde seg meir fysisk, og da eg først høyrde om dette, tenkte eg «YES». Det er så viktig at dette blir implementert i alle klassane. I tillegg til helsegevinsten viser forsking at jo meir aktiv du er, jo meir blir hjernen aktivisert og mottakeleg for informasjon. Fysisk aktivitet forsterkar det totale læringsutbyttet, seier Elisabeth.

Bilde av lærere

Frå venstre; Melinda Løver, Elisabeth Liverud og Irene Haugjord

Det siste året har dei, saman med andre Drammenslærarar, gjennomgått mykje kursing og mange informasjonsmøte. Dei har blitt kjent med kva som blir forventa av dei, lært meir og blitt inspirerte. Etter nokre månader med utprøving vart tilbodet sett ut i full skala hausten 2015.

– Fysisk aktivitet er samlande og gir elevane positiv kontakt med kvarandre. Det handlar om samarbeidskultur, om å bli betre kjende og om forstå ulikskap hos kvarandre. Dette er igjen med på å forhindre mobbing, seier Melinda.

Ikkje alle lærarane er like interesserte i idrett og fysisk aktivitet. Godt kollegialt samarbeid er derfor viktig, og det å hjelpe kvarandre er heilt nødvendig.

– Det har gått veldig bra, og vi opplever brei semje i kollegiet om at dette er verd å satse på. Tilbodet skal gjennomførast innanfor noverande rammer, og det kan sjølvsagt oppfattast som krevjande. Gjennom erfaringsdeling, tips og råd til kvarandre har vi fått ekstra motivasjon, fortel lærarane.

I tillegg til kurs frå kommunen med tips som dei kan ta med inn i timane, bruker dei aktivitetsbanken til Utdanningsdirektoratet, opplegg frå «LiveGym» på Internett og tips frå katalogen til Aktiv Trivselsleder. Der finst det 100 ulike opplegg der fysisk aktivitet blir brukt som metode for å nå læringsmåla. To til tre dagar i veka blir fysisk aktivitet lagd inn i dei vanlege faga.

– Langtidsplanlegginga ligg i periodeplanane, men det er også spesifikt teke inn i vekeplanane kva for aktivitetar vi skal gjere i kva for fag. Vi jobbar i team og set av tid i planlegginga til å dele erfaringar. Nokre læringsmål er enklare å nå gjennom aktivitet enn andre, og det er viktig at måla blir tekne inn i faget på ein fornuftig måte, seier Irene.

Nokre veker blir timen delt i to med for eksempel ein halvtime fysisk aktivitet i eit norskfag på byrjinga av dagen, og ein halvtime i matematikk på slutten av dagen. På torsdagar har klassane ein time aktiv torsdagssjekk. Felles for øvingane er at dei skal vere varierte og utvikle grunnleggjande motoriske ferdigheiter, og dei skal stimulere til meistring, glede og læring på tvers av fag og fagområde.

I staden for å sitje stille og skrive på papir, så heng det læringsmål med spørsmål på postar rundt i løypa. Når dei spring rundt to og to, samarbeider og svarer på spørsmål, er elevane i aktivitet samtidig som dei lærer. Å sortere ordklassar er ei anna øving der det er lett å bruke fysisk, aktiv læring som metode, seier Elisabeth, og fortel at kollegiet har laga ein eigen idébank som alle på skolen kan bruke.

Lærarane har felles ansvar for at det blir ein time fysisk aktivitet for kvar klasse kvar dag, og dei samarbeider for å sikre dette. Timane som skal innehalde læringsaktivitetar, blir synleggjorde på vekeplanen for å bevisstgjere både foreldra og elevane.


Melinda Løver

Utdanna lektor og jobbar no som avdelingsleiar på mellomtrinnet ved Bragernes skole.


Elisabeth Liverud

Har grunnfag i idrett frå Eik lærarhøgskole og mellomfag i kroppsøving frå Norges Idrettshøgskole. Etter endt utdanning jobba ho tre år som kroppsøvingslærar på ein ungdomsskole. Dei siste 21 åra har ho jobba på Bragernes skole.


Irene Haugjord

Utdanna adjunkt og jobbar som avdelingsleiar på småskoletrinnet og SFO ved Bragernes skole.

Bilde av barn som leker

Avstanden mellom dei aktive og dei inaktive barna aukar. No vil Drammenskolen senke terskelen for å vere i bevegelse.

– Elevane har reagert veldig positivt. Dei er mellom anna blitt enda blidare! Å få vere meir aktiv er motiverande og betrar konsentrasjonsevna hos mange. Foreldra får høyre at barna har det gøyare på skolen, og at dei liker variasjonen, seier lærarane.

Det er på tide å treffe nokre av desse aktive elevane, og vi får vite at fleire av dei eldste barna er på «Kjappen». Dette er banen Martin Ødegård voks opp med og utvikla talentet sitt på. Ikkje uforståeleg er han den store helten og forbiletet for mange av barna, berre få år etter han faktisk sjølv gjekk på Bragernes skole. Eit dårleg steinkast unna skolebygningen finn vi dei. I dag har dei fysisk aktivitet i regi av eit lokalt idrettslag som skolen samarbeider med.

Berre avbrote av korte beskjedar går det i eitt, og dei speler fotball, kappar over banen og leiker ulike balleikar. Det er ei god blanding av uformell leik og konkurranse med varierte aktivitetar, tilpassa alle barna. Fair play står i sentrum.

Eg skjønar kva lærarane meiner med blide barn. Det er faktisk smil frå øyre til øyre hos dei aller fleste mens dei spring seg gode og varme. Dei ler og gir kvarandre high fives. Elisabeth meiner også at dei har blitt snillare med kvarandre.

Vi ser ein fantastisk effekt av dette. Betre trivsel, mindre mobbing, betre læringsmiljø og matvanar. Mange av dei som fell utanfor i gymmen, blir også utanfor på fritida, og det er svært bekymringsfullt. Gjennom lågterskelaktivitet gir vi elevane utfordringar på sitt nivå, noko som er vesentleg for å kjenne meistringsglede.

Dagens fysak-time er over. Ivrige barn strøymer bort frå banen i retning skolen, fulle av liv og endorfinar. Som dagleg stillesitjande på kontor er eg nesten litt misunneleg på energien og dei friske, raude kinna. Eg noterer meg bak øyret at det er på tide med ein joggetur.

– Det handlar om å skape gode haldninger, og vi veit at aktive barn blir sunnare vaksne. Målet er livslang glede over å bevege seg og kjenne meistring ut frå eigne føresetnader. Får vi til det, har vi fått til mykje, seier Elisabeth.

Tips og råd frå lærarane på Bragernes skole

  • Forankre i planar for skolen og kommunen, og i leiinga
  • Finn kulturberarar i personalet
  • Jobb for å ha eit kvalifisert personale. Bygg kompetanse over tid
  • Bruk høve, som FN-dagen, idrettsdagar og skogdagar
  • Ha julekalenderaktivitetar som for eksempel «Jogg jula inn»
  • Ha elevarrangerte aktivitetsdagar, med elevrådet og skolens trivselsleiarar som arrangør
  • Lag felles aktivitetsløype for heile skolen
  • Ha klare målsetjingar – kvalitet er like viktig som kvantitet
  • Samarbeid med andre institusjonar som idrettslag og foreiningar
  • Vektlegg organisering som ikkje er for kostnadskrevjande og ressurskrevjande
  • Ha det gøy med bevegelse og planlegging av bevegelse – så lenge vi er i bevegelse, saman, kan vi nå så langt vi vil