FLEIRFAGLEG KOMPETANSE I SKOLEN

Fleirfagleg kompetanse i skolen

Arbeidsforskingsinstituttet har utarbeidd ein rapport som skal gi eit kunnskapsgrunnlag for korleis fleirfagleg kompetanse i skolen kan utnyttast på ein best mogleg måte. Her er det identifisert fem modellar for å bruke fleirfagleg kompetanse i skolen, modellar som kan testast ut i ein framtidig effektstudie:

  1. Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)-modellen med PPT som målgruppe. Formålet er å få PPT til i større grad å inngå i laget rundt læraren.
  1. Helsesøstermodellen. Hovudgrepet vil vere å auke helsesøsterressursen i skolen, slik at dei i tillegg til lovpålagde oppgåver i større grad kan jobbe helsefremjande og førebyggjande – og bistå lærarane/skolen i arbeidet med problem knytte til for eksempel mobbing og psykiske lidingar.
  1. Lærarassistentmodellen. Formålet er å få lærarassistentane til i større grad å inngå i eit lag rundt læraren og auke kvaliteten på arbeidet deira.
  1. Den sosialfaglege modellen med personar med barneverns-, sosionom- eller vernepleiarutdanning som målgruppe. Formålet er å auke talet på personar med sosialfagleg utdanning i skolen og å integrere dei tettare i laget rundt læraren.
  1. Leiings- og organisasjonsutviklingsmodellen med skoleeigarar og skoleleiarar som primær målgruppe. Formålet med modellen er å tilføre eigar/leiar kompetanse som gjer at dei faglege ressursane som inngår i skolens primær- og sekundærlag, blir utnytta på ein meir føremålstenleg måte.

Les meir om modellane på udir.no.