Bilde av Dronning Sonja

Dronning Sonjas skolepris 2015


– De har alle talentar, det gjeld berre å finne fram til dei, seier Dronning Sonja til dei nærmare 1200 elevane på skolen under ein høgtideleg tildelingsermoni.

I grunngivinga skriv juryen at skolen arbeider systematisk med læringsmiljøet, som er prega av openheit, tillit og god samhandling mellom elevane og dei tilsette. Skolen har ei godt tilrettelagd elevteneste med synlege og aktive vaksne, som skal fange opp dei elevane som har behov for kontakt og hjelp. Skolen legg stor vekt på arbeid med den psykiske helsa til elevane.

Blant 17 nominerte var juryen samrøystes i at Gjøvik vidaregåande skole er den verdige vinnaren i 2015. Sjølve premien er på 250 000 kroner og eit tresnitt av kunstnaren Eli Hovdenak.

– Det er ei ære å få denne prisen, seier ein takknemleg rektor Åse Sletten.

– Vi er stolte, audmjuke og glade. Særleg fordi det så tydeleg blir peikt på elevinvolvering, noko vi er veldig opptekne av. Skolen vår består av nesten 1200 elevar, og vi har eit stort mangfald. Vi jobbar bevisst og systematisk for å få til eit godt læringsmiljø. Det er viktig at alle blir sett og trivst.

Lovorda om skolen er mange. Juryleiar professor emeritus dr.philos. Edvard Befring fortel at skolen har skapt ein læringskultur som byggjer på respekt for utfordringar unge menneske møter, og for deira store faglege og personlege utviklingsmoglegheiter.

– Gjøvik vidaregåande skole er bevisst sitt store samfunnsoppdrag. Skolen har utvikla eit læringsmiljø der alle får realistiske moglegheiter til å oppleve lærings- og livskvalitet, seier han.

Bilde av Åse Sletten

Åse Sletten

Rektor ved Gjøvik vidaregåande skole

No skal vi halde fram med det som er bra, og samtidig jobbe for å bli enda betre.

– Åse Sletten

Dronning Sonja viser spesielt til det gode samarbeidet mellom tilsette og elevar som ein av hovudgrunnane til at Gjøvik blir heidra med prisen.

– God utdanning er det viktigaste vi kan gi vår oppveksande slekt. Samarbeid mellom leiing og elevar med gjensidig respekt viser seg som regel å gjere ein skole veldig god. Det har dei ti åra med denne prisen vist meg, seier Dronning Sonja.

Bilde av mange skoleelever

Skolen har nær 1200 elevar og 225 tilsette. Det låg spenning i lufta då alle samla seg i gymsalen for å oppleve den gjæve prisutdelinga.

Om Dronning Sonjas skolepris 2015

Kvart år deler Dronning Sonja ut skoleprisen til ein skole som har utmerkt seg ved å praktisere likeverd og inkludering. Hennar Majestet Dronning Sonja tok sjølv initiativ til denne skoleprisen i 2005. Skolane blir nominerte for sitt langsiktige arbeid for læringsmiljøet til elevane, for positive relasjonar mellom elevane og dei tilsette, elevane imellom og godt samarbeid mellom skole og heim. Skolen praktiserer likeverd og inkludering på ein slik måte at kvar enkelt elev opplever å bli verdsett i eit miljø prega av medverknad, tryggleik og fellesskap.

Les meir om prisen på udir.no

Dei vidaregåande skolane på Gjøvik vart samla til ein stor skole i 2005. Eit av tiltaka for å skape eit godt miljø var satsinga på elevmentorar. Elevmentorane tek mellom anna imot og følgjer opp nye elevar, og dei tek initiativ til aktivitetar som fremjar tilhøyrsle og tryggleik. Det er til saman 60 elevmentorar.

– Vi trur på å sleppe til elevane og gi dei moglegheiter og medverknad. Samtidig har alle tilsette eit felles ansvar for å byggje eit godt læringsmiljø. Dette er ein pris som forpliktar og skaper forventningar. Eg lover at dette ikkje skal bli noka sovepute, seier rektor Åse Sletten.

– No skal vi halde fram med det som er bra, og samtidig jobbe for å bli enda betre.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen er òg til stades under seremonien. Han etterlyser meir erfaringsdeling blant norske skolar.

– Det er imponerande korleis Gjøvik vidaregåande skole systematisk involverer elevane i skolemiljøarbeidet. Eg ønskjer meg større kunnskapsdeling mellom skolane. Det er mange som gjer noko bra, og da må vi lære av kvarandre, så fleire kan bli enda betre.